Sula kommune

Sula Jeger og Fiskeforening

Sula JFF er en frivillig interesseorganinsasjon underlagt Norges Jeger og Fiskerforening.
Sula jff har som fomål å spre sunne fritidsinteresser innen jakt, fiske og friluftsliv, samt bidra til en god forståelse for korleis vi skal ta vare på naturens resurs i form av kultivering og forvaltning.
Adresse Kontakt Kategori
Sula Jeger og Fiskeforening
Skytebanevegen Pb 179
6039 Langevåg
Sula Jeger og fiskeforening
Telefon: 46779770
Aktivitetar
Kontaktpersonar
Anna
Sula JFF vart stifta i 1962 som ei uavhengi sportsfiskerforening. Formålet var å kultivere vatna i Sula. Spesielt vart det lagt vekt på å få gode ørretvatn av Vassetvatnet og Sæthrevatnet.
For kultivering må ein ha klekkeri, det første klekkeriet som vart bygd låg ved Jarneselva, om lag 150 meter ovanfor vegen.
Det var og bygd to gode kulpar for yngel, kunstig oppbygd med utgraving og ein demmekant.
Dette klekkeriet var i drift inntil det som vi i dag kjenner som klekkeriet vart bygd. Første byggesteg, kjellaren eller sjølve klekkeriet vart bygd i midten av 70-tallet.
Andre etasje kom først på åttitalet, bygd som et smoltanlegg.


Medlemsmøta vart halde på kafeen til Kåre K første fredagen i månaden. Hvelferdssalen til Devold og lokala til Pensjonisten vart nytta som kurslokale, her lærte mange den edle kunst å knyte fluger.


På 70-tallet var det fleire jegerar som ønska ein foreining som var tilslutta NJFF. En slik tilslutting vart drøfta fleire gonger både i foreininga sitt styre og på medlemsmøta. På et årsmøtet møtte derfor Jegerane på Sula møtte mannsterke opp og la frem det vi må sjå på som et ultimatum, å omdanne foreininga til ei Jeger og Fiskerforeining tilslutta NJFF – om ikkje, var jegerane klår på at dei sjølve skipa ei eiga foreining tilslutta NJFF.


Foreininga vart etter dette svært aktiv. Leirduebanen vart bygd, fleire lakseelver vart kultivert og i klekkeriet var der en herleg blanding av laks og brunaure. Foreininga hadde eigne laksevald i Strynselva, kultivering og fiskeretter i Standalelva og lakseelva i Urke.