Vedtak
Med heimel i plan- og bygningslova (pbl.) § 19-2 gir plan -og miljøutvalet dispensasjon til plassering innanfor regulert byggegrense til veg, og på regulert formål for grønstruktur på eigedom gnr 61 bnr 55, 87 i Sjukenesstranda 100, 6037 Eidsnes.
Dette etter to-trinns søknadsbehandling jf. pbl. § 20-1.
Dispensasjon:
Jf. pbl. § 19-1 så blir det søkt om dispensasjon til å plassere tiltaket innanfor regulert byggegrense til Sulavegen - E 39. Det blir gitt godkjenning til omsøkte plassering.
Grunngjeving:
Trafikkfagleg mynde Statens vegvesen sett krav om at planlagt gjennomføring og grunnforholda skal vere kontrollert og godkjent. Godkjenninga kan kvalitetssikre tiltaket i forhold til nærleiken til E-39.
Vilkåra som er gitt, vert fulgt opp og behandla administrativt.
Dispensasjon:
Jf. pbl. § 19-1 så blir det søkt om dispensasjon til å plassere tiltaket inne på regulert grønstruktur. Med heimel i plan -og bygningslova § 19-2 blir det gitt godkjenning til slik plassering.
Grunngjeving:
Det er ein mindre del av buffersona mellom grønt areal og næringsområde som vil vere berørt. Arealet er ikkje godt farbart for allmennheita. Areal i randsona kan fungere som ein grøn buffer, og bli opparbeida i samsvar med tilrådingane frå Statsforvalteren. Tiltaket vil ikkje gi ein vesentlig tilsidesettelse av regulert formål.
Følgande vilkår skal vere sikra:
- Før igangsettingsløyve blir gitt, skal grunnforholda vere undersøkt og klarert av godkjent foretak innan geoteknisk fagområde. Dokumentasjon og beskrivelse av tenkt utførelse skal vere godkjent av Statens vegvesen.
- Overgang - randsone mellom parkeringsareal og skogsområde skal utførast med omsyn til grøntareal og dyreliv.
- Plantar av framand-art skal fjernast, og deponerast på eit godkjent mottak.
Før arbeidet startast opp skal det søkast om igangsettingsløyve. Ansvarspliktige fagområder skal vere dekt med ansvar frå godkjente foretak.
Jf. pbl. § 33-1 så skal det betalast saksbehandlingsgebyr, dette jf. Sula kommune sitt gjeldande gebyrregulativ.
Behandling
Innstillinga vart samrøystes vedtatt.