Sula kommune

Val 2019

I 2019 skal det haldast kommunestyre- og fylkestingsval. Den offisielle valdagen er måndag 9.september 2019. På denne sida vil du finne informasjon om valet i Sula kommune, samt lenker til sentral informasjon om val og valgjennomføringa i Noreg.

Valresultat 2019

Valresultat finn du i lenkene under. 

 

Nyttig informasjon om valet

Val 2019

Førehandsrøysting

Førehandsrøysting:
Frå og med 12.august kan du førehandsrøyste til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Perioden for førehandsrøysting varar til og med 6.september, og du kan førehandsrøyste i alle norske kommunar, uavhengig av kvar du står oppført i manntalet. Merk at dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn kommunen du er manntalsført i vil du ikkje ha tilgong til Sula kommune sine røystesetlar for kommunestyrevalet. Du kan framleis røyste på dei partia som stiller til val i Sula kommune, men utan å kunne gjere endringar på røystesetelen (personrøyster og slengjarar).

I Sula kommune kan du førehandsrøyste på rådhuset i Langevåg, opningstida er 08.00-15.30. Torsdag 5.september og fredag 6.september er opningstida for førehandsrøysting i servicetorget utvida til 18.00.

Hugs legitimasjon og ta gjerne med valkortet.

Ambulerande røysting:
Uføre og veljarar som på grunn av sjukdom ikkje kan røyste ved ordinært lokale for førehandsrøysting kan etter søknad til valstyret førehandsrøyste der dei held til. Søknad om dette må sendast Sula valstyre, Postboks 280 6039 Langevåg eller på e-post post@sula.kommune.no innan 5.september, og tidspunkt for røysting vert fastsett etter avtale.

Kvar kan eg røyste på valdagen 9. september?

På valdagen må du røyste i kommunen du er manntalsført i. Sula kommune har tre valkrinsar og tre vallokale (Sulahallen, Fiskarstrand skule og Solevågshallen). På valkortet ser du kva for krins du er manntalsført i, men du kan røyste i den valkrinsen og det vallokale som passar som passar deg best. Åpningstida i Sula kommune sine vallokale er 10.00-21.00.

Hugs legitimasjon og ta gjerne med valkortet.

Offisielle vallister

Kommunestyrevalet 2019 – offisielle vallister 

Valstyret i Sula godkjende i møte 7.mai vallister for følgjande parti/grupper til kommunestyrevalet i Sula 2019:

Valmyndigheitene i Sula kommune

Valstyret er oppretta av kommunestyret og har det formelle ansvaret for gjennomføring av val i Sula kommune. Valstyret opprettar stemmestyre for kvar valkrins, og desse skal administrere gjennomføringa av valet på sjølve valdagen.

Valstyret i Sula 2015-2019 består av følgjande medlemmer frå formannskapet
Valstyret i Sula 2015-2019 består av følgjande medlemmer frå formannskapet
Medlemmar Varamedlemmar
Jim Arve Røssevoll (A), leiar Karoline A. Slinning (A)
Svein Værnes (Krf) Jostein Molvær (Krf)
Vibeke Bjørkavåg (H) Turid K. S. Humlen (H)
Marthe S. Urvik (Frp) Øystein Båtnes (Frp)
Jan Magnar Sandvik (SUL) Lisbeth B. Hareide (SUL)

Sekretariat for valstyret og valansvarlege i administrasjonen er formannskapssekretær Åge Erstad Remvik og Anne Lise Engkrog Salen.

Manntal

For å kunne røyste ved valet må du stå i manntalet. Du står i manntalet i den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2019.

Manntalet for Sula kommune blir lagt ut til ettersyn frå første veka i juli til og med 9. september på rådhuset i Langevåg, servicetorget. Oppmøte i vanleg kontortid.  Du kan også ta kontakt med kommunen pr. telefon 70 19 91 00, eller pr. e-post post@sula.kommune.no.

Dersom du meiner manntalet inneheld feil, kan du sende skriftleg krav om oppretting av feilen til valstyret i Sula, Postboks 280, 6039 Langevåg.

Når det gjeld Sametingets valmanntal vil kommunen ta direkte kontakt med dei som står i dette manntalet.

Kontakt

Åge Erstad Remvik
Formannskapssekretær
E-post
Telefon 70 19 78 32

Adresse

Postadresse

Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?