Sula kommune

Planprosess

Oversikt over planprosess for reguleringsplan.

Ein reguleringsplan er eit juridisk dokument som fortel korleis eit areal kan nyttast og evt. byggast. Reguleringsplan skal utarbeidast av fagkyndige.

Ein reguleringsplan inneheld eit plankart med tilhøyrande føresegner og ei beskriving.

Reguleringsplanar skal utarbeidast med heimel i Plan og bygningslova.

Fase 1 Oppstartmøte

Før ein startar med planarbeidet må ein avtale eit møte med kommunen om planarbeidet. I oppstartsmøtet vil kommunen orientere om rammer og føringar for planarbeidet.

Fase 2 Varsling

Det skal varslast oppstart av planarbeid, dette er forslagsstillar sitt ansvar.  Dette skal gjerast ved kunngjering i avis og gjennom elektroniske media. Ein skal og tilskrive aktuelle høyringsinstansar og aktuelle partar som grunneigarar og naboar.

For planer som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal det og utarbeidast eit planprogram. Dette skal normalt sendast ut samtidig med varsel om oppstart.

Fase 3 Planforslag

Forslagsstiller utarbeidar eit planforslag ut frå dei rammer og føringar som vart gitt i oppstartmøte, og dei innspel til planarbeidet som har kome inn i forbindelse med varslingen. Det vert stilt spesielle krav til innhald og kvalitet.

Planforslaget skal sendast inn til kommunen  som skal gå gjennom det innsendte materialet og førebu saka til 1.gongs behandling.

Fase 4 Første gongs behandling

Når det føreligg eit konkret framlegg til reguleringsplan, er det klart for førstegongs behandling. Framlegget skal bestå av eit plankart og føresegner. I tillegg har administrasjonen laga eit saksframlegg som beskriv planforslaget og gjer ei tilråding til korleis planforslaget skal behandlast vidare.

Det er viktig at planforslaget er gjennomarbeidet og korrekt utforma, dette vil vere med på å sikre ein rask behandling.

Planforslaget skal leggast fram til politisk behandling i Planutvalet. Utvalet vil  vedta om det skal leggast ut til høyring, sendast tilbake for vidare omarbeiding eller avvisast.

Fase 5 Offentleg ettersyn (høyring)

Framlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn, med høyringsfrist. I høyringsperioden vert alle partar varsla, og kan kome med merknader til planen.

Fase 6 Andre gongs behandling

Når høyringsfristen har gått ut, vert det førebudd ny behandling av planforslaget i Planutvalet, deretter går saka til Kommunestyret for endeleg vedtak.

Høyringsmerknader til planen kan føre til endringar av planforslaget.

Fase 7 Vedtak

Kommunestyret vedtek reguleringsplanar. Gjennom ein vedteken reguleringsplan vert arealbruken gjort bindande for den enkelte grunneigar.

Fase 8 Kunngjering av vedteken reguleringsplan

Når en reguleringsplan er vedteken, skal dette kunngjerast i avis og på kommunen sin heimeside. Alle har høve til å klage på vedtaket.

Fann du det du leita etter?