Sula kommune

Langevåg sentrum

Områdeplan for Langevåg sentrum 

Behovet for ein ny reguleringsplan for sentrumsområde er stort og vart prioritert i gjeldande
kommunale planstrategien for 2016-2020. Plan for tettstadsutvikling med områdeplan er
viktig. Plantypen krev, som første steg, utarbeiding av eit planprogram.

Sula kommune har gjort vedtak om å starte arbeidet med områdeplan for Langevåg sentrum og leggje eit forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn.

Første steg i arbeidet med områdeplanen er utarbeiding av planprogram. Planprogrammet skal beskrive kvifor planarbeidet er sett i gang, målsetjingar for arbeidet, hovudområde planen skal ta føre seg, samt litt om status og utfordringar. Planen utløyser krav om konsekvensutgreiing. 

Planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn fram til 09.07.2018 på rådhuset og på
internettsidene til Sula kommune. 
 
Dette er også eit varsel om oppstart av områdeplan for Langevåg sentrum og det er høve til å
sende inn konkrete forslag til ny arealbruk. Merknader til planprogrammet og forslag til ny
arealbruk skal vere skriftlege og sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.

Frist for merknader til planprogram er 09.07.2018.

Etter godkjenning av planprogrammet vil sjølve arbeidet med ny områdeplan starte opp. Derfor er det ikkje satt noko frist for å kome med konkrete innspel på ny arealbruk.

Konseptrapport

 
Sentrumsplanen har eiga side på Facebook
 
Fann du det du leita etter?