Sula kommune

Kommuneplan

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet og skal vere førande for utviklinga i  kommunen. Den består av ein samfunnsdel og ein arealdel..

Kommunal planstrategi

Skal vedtakast kvar valperiode innan eit år etter at nytt kommunestyre er  konstituert. Dette er ikkje en plan, men eit oversyn over kommunen sine planar og styringsdokument, med ei vurdering og prioritering av kva planarbeid ein må bruke ressursar på i løpet av fireårsperioden. 

 

Samfunnsdelen

Skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Den bør innehalda ei skildring og vurdering av alternative strategiar for utviklinga i kommunen.

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vere grunnlag for planane til sektorane og verksemder i kommunen. Planen skal gje retningslinjer for korleis eigne mål til kommunen og strategiar skal gjennomførast og ved medverknad frå andre offentlege organ og private.

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2010 - 2020 (PDF, 2 MB)

Arealdelen

Skal vise samanhengen mellom samfunnsutviklinga, som  er  behandla i samfunnsdelen, og kva for utslag og behov dette gjev for arealbruken. Arealdelen skal også vise korleis areala samla sett bør disponerast for å løysa oppgåver og behov som er avklart i samfunnsdelen. Ein samla arealplan er naudsynt  for å sikra ein planmessig og forsvarleg arealutnytting.

Gjeldande plan for 2015 - 2025

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-15 vedtok kommunestyret i møte 30. april 2015 sak nr 027/15 Kommuneplanens arealdel for Sula kommune 2015-2025. Planen omfattar heile kommunen, og vedtaket opphevar arealplanen av 29.06.2006.   To motsegner gjekk til departmentet for avgjerd.

Kommunal- og  moderniseringsdepartementet  endra eitt par punkt i Sula  kommune  sitt  vedtak  av arealdelen  av   kommuneplanen  2015—2025 (KMD vedtak (PDF, 10 MB)).  Endringa inneber  at  den  generelle  føresegna om  naust  opnar  for  storleik  inntil  60  m2  i  grunnflate.  I  reguleringsplan  kan  det  etter konkret  vurdering  godkjennast  større  naust  enn  fastsett  i  kommuneplan.  Vidare  stadfestar  departementet  bustadområde  for  ein  til  to bustader  i  100-metersbeltet  mot  sjøen  ved  Haneneset/Rørstad.

Kontakt

Morten Ugelvik
Planleggar
E-post
Telefon 70 19 78 14
Mobil 70 19 78 14
Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17
Mobil 70 19 91 17
Fann du det du leita etter?