Sula kommune

Forslag til Områdeplan for Langevåg sentrum – 1. gongs  høyring og offentleg ettersyn

Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) §§ 12-10 og 12-14 vedtok «Det faste utvalet for plansaker» i møte 16.10.2019 å legge forslag til overordna utviklingsplan og områdeplan for Langevåg sentrum ut til første gongs høyring og offentleg ettersyn.Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280,6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no  innan 20.12.2019.

Føremålet med planen er å fastsetje dei juridiske rammene for korleis sentrum skal utvikle seg. I tillegg er det tatt med ein del areal utanom sentrumskjerna og dei har i stor grad vidare ført tidlegare arealbruk, men oppdatert i høve nytt regelverk og behov.

Planforslaget viser eit kompakt sentrum der gjennom høgare grad av utnytting, fortetting av eksisterande areal som ikkje tek i bruk så mykje nytt areal. Store delar av sentrum er regulert til sentrumsformål, som legg til rette for stor fleksibilitet knytt til framtidig utbygging.

Plankart og saksdokument vert lagt ut til 1 gongs høyring og offentleg ettersyn i tidsrommet 01.11.2019 til 20.12.2019 på internettsidene til Sula kommune, rådhuset og biblioteket i Langevåg.

Offentlege myndigheiter og grunneigarar vert underretta i eige brev. Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280,6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no  innan 20.12.2019.

Vedtaket i planutvalet finn du her.  (PDF, 3 MB)

Plankart (PDF, 2 MB)
Føresegner (PDF, 5 MB)
Planomtale (PDF, 12 MB)
Overordna utviklingsplan (PDF, 5 MB)


Vedlegg: