Sula kommune

Sula kommune eigengodkjenner reguleringsplan for del av Bjørkavåg aust, gnr 65 bnr 225 mfl

K-067/19 Vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova (pbl) §§ 12-12 og 12-14 eigengodkjenner Sula kommune, reguleringsplan for del av Bjørkavåg aust, gbnr. 65/225 mfl. Planid:17001613.

Plankart og planbeskrivelse sist revidert 24.10.2019. Føresegner sist revidert: 28.06.2019 Tittelfelt er utfylt etter vedtaket i kommunestyre 03.10.2019.

Området er planlagt med bustadar med tilhøyrande gangvegar, leikeareal og parkering under bakken.

Saksdokumenta er tilgjengeleg på kommunen si heimeside og på servicekontoret på rådhuset.

Vedtaket kan på klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Eventuell klage skal sendast skriftleg innan 3 veker frå kunngjering til post@sula.kommune.no ev. Sula kommune, postboks 280, 6090 Langevåg.

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 21.11.2019.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing, jf. PBL §§ 15-2 og 15-3, må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa.

Rådmannen

annonse i sulaposten (PNG, 140 kB)