Sula kommune

Reinseanlegg for spillvatn på Kvasnes i Sula kommune - forlenga frist for innsending av innspel og merknadar

Det faste utvalet for plansaker i Sula kommune vedtok i møte 4.9.2018, sak 099/18, å varsle oppstart av detaljregulering av avlaupsreinseanlegg på Kvasnes i Sula kommune i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Norconsult AS er plankonsulent og varsla på vegne av Sula kommune oppstart av planarbeidet september 2018.

Planarbeidet syner at det er behov for å utvide plangrensa for prosjektet, og Sula kommune varslar med dette utviding av planområdet.

 

Forlenga frist for å sende innspel og merknadar til varsel om utviding av planområde for mogleg reinseanlegg for spillvatn på Kvasnes i Sula kommune

Sula kommune og Norconsult AS har varsla utviding av planområde for eit mogleg mogleg reinseanlegg for spillvatn på Kvasnes i Sula kommune med frist for å sende innspel og merknadar innan 5. august. På grunnlag av fleire søknadar om utsett frist grunngjeve med ferieavvikling i juli er frist for å sende innspel og merknadar forlenga til 19. august. 

Fann du det du leita etter?