Sula kommune

Reguleringsplan for Villemhaugen gnr. 99 bnr. 24 mfl. - eigengodkjend

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vedtok kommunestyret reguleringsplan for Villemhaugen gnr. 99 bnr. 24 mfl. Plankart, føresegner og planbeskrivelse sist revidert 22.10.2018 (justert etter K-074/18).

Saksframlegget er lagt inn i planmaterialet med unntak av BYA i BFS2. Med bakgrunn i at området ligg sentrumsnært og behovet for småhusbebyggelse utan hageareal er ønskelig i dette området, går «Det faste utvalet for plansaker» og kommunestyret  inn for BYA på 40% på BFS2.

Saksdokumenta er tilgjengeleg på kommunen si heimeside på servicetorget på rådhuset.

Eventuell klage skal sendast skrifteleg innan 15.11.2018 til post@sula.kommune.no eller Sula kommune, postboks 280, 6039 Langevåg.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing, jf. pbl §§ 15-2 og 15-3, må setjast fram innan 3 år frå denne kunngjeringa.

Fann du det du leita etter?