Sula kommune

Forslag til detaljregulering for gnr 78 bnr 6 og 14 m.fl. Ystebø (Tranvågvegen) – 2. gongs høyring og ettersyn med varsel om utvida planområde.

Det faste utvalet for plansaker vedtok på møte den 24.09.2019 i sak 080/19, med heimel i plan og bygningslova sin § 12-10 å legge forslag til detaljregulering Ystebø, ut til 2. gongs offentleg høyring og ettersyn i minst 6 veker.

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustadbygging (30% og 45%BYA),

leikeareal, friområde, vegareal, parkering og nødvendig utviding av Dalvegen til  standard til kommunens vegnorm med fortau og møteplassar.

Formålet med varslinga er å informere om nytt areal som skal inkluderast i planarbeidet. Bakgrunnen er at bustadfeltet vil gje auka trafikk på Dalvegen og for å trygge mjuke trafikantar  må det regulerast areal til fortau.

Plankart og saksdokument vert lagt ut til 2. gongs offentleg høyring og ettersyn med melding om utvida planområde (pbl § 12-8) i tidsrommet 03.10.19 til 14.11.2019 på internettsidene til Sula kommune.

Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg eller post@sula.kommune.no innan 14.11.2019.

Vedlegg:

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30