Sula kommune

Trivsel og medverknad i skulen

Trivsel og medverknad i skulen

Strategi for kvalitetsutvikling i arbeidet med barn og unge
Elevane sitt skulemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

29. mai 2017 vedtok Stortinget omfattande endringar i Opplæringslova kapittel 9a, Elevane sitt skulemiljø, som gjeld frå 1. august 2017. Lova gjeld skuledagen, leksehjelpordningar og skulefritidsordningar.

Elevane sitt skulemiljø

Kva betyr det for deg som er elev?
  • Du har rett til å høyre til i ein felleskap og ha det trygt på skulen og skulevegen, slik du opplever det.
  • Du har rett til å vere med i arbeidet for eit godt skulemiljø.
  • Dei vaksne skal heile tida følgje med på korleis du har det, lytte til deg, hjelpe og rettleie deg.
  • Du skal få hjelp til å forstå og følge reglane på skulen, og til å utvikle deg og framstå som den beste du kan vere.
  • Når det kjem fram at du ikkje har det trygt og godt på skulen, sfo eller på leksehjelpa, skal dei vaksne saman med deg og foreldra dine finne ut kva som kan gjere at du får det betre og straks sette i gang tiltak.
  • Du må gjere ditt beste for at alle skal få vere med i fellesskapen, og ta ansvar og ordne opp om du kjem til skade for å krenke eller øydelegge for nokon.
  • Du må seie stopp og varsle ein vaksen dersom du ser eller forstår at ein annan elev ikkje har det trygt på skulen eller på skulevegen.

Aktuelle lenker

 

Kva betyr det for deg som føresett?
  • Å skape eit godt skulemiljø er alle sitt ansvar. Føresette skal delta aktivt i dette, saman med elevane og skulen sitt personale og leiing.
  • Elevar og føresette skal bli informert om det som er viktig for skulemiljøet og har rett til innsyn i alt som gjeld skulemiljøarbeid.
  • Føresette skal hjelpe elevane til å forstå og følgje reglane på skulen.
  • Dersom de som føresette er uroa for, får kjennskap til eller mistanke om at dykkar barn ikkje har det trygt og godt på skulen, skal de kontakte skulen v/rektor og melde frå om dette.
  • Dersom eleven fortel det til ein vaksen på skulen eller ein vaksen på skulen får kjennskap til det på andre måtar, skal ein melde frå om dette til rektor.
  • Skulen skal straks undersøke saka, lage ein plan med tiltak og iverksette desse. Føresette og eleven skal informerast om tiltaka innan ei veke.
  • Dersom skulen ikkje gjer dette, kan de melde saka vidare til fylkesmannen.                 De må ha tatt saka opp med rektor først og det må ha gått minst ei veke frå de tok opp saka.
  • Fylkesmannen skal undersøkje alle sider ved saka; snakke med elevar, føresette, skulen sitt personale og leiing, og gjennomgå dokumentasjonen.
  • Dersom Fylkesmannen finn at skulen ikkje har gjort det som skal gjerast, kan Fylkesmannen avgjere kva skulen skal gjere og sette ein tidsfrist for dette. Vedtaket til Fylkesmannen kan elev og foreldre påklage til Utdanningsdirektoratet

Aktuelle lenker

Kva betyr det for skulen?
  • Skulen skal arbeide systematisk for å førebyggje at elevar opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt.
  • Alle som arbeider på skulen skal følgje med om elevane har eit trygt og godt skulemiljø.
  • Skulen har også ansvar dersom årsaken til mistrivsel og utryggheit skjer utanfor skuletida og skuleområdet.
  • Skulen har eit skjerpa ansvar for elevar som er særskilt sårbare og når tilsette krenkar elevar.
  • Alle som arbeider på skulen skal gripe inn og stoppe det med ein gong, dersom det er mogleg.
  • Rektor skal varslast.
  • Kommunalsjef skal varslast umiddelbart når ein tilsett krenkar ein elev.
  • Skulen skal undersøkje saka og utareide ein plan med tiltak (aktivitetsplan) innan ei veke.
  • Skulen må samarbeide tett med heimen.
  • Skulen må dokumentere kva som er gjort.
  • Skulen må følgje opp tiltaka som blir sett inn og sjå om dei verkar etter intensjonen. Nye tiltak må settast inn om eleven framleis ikkje har det trygt og godt på skulen.
  • Skulen kan søkje råd med- og involvere andre ved behov. Tiltakseining for barn og unge (TBU) driftar tverrfaglege tiltak som SamBa og TBU konsultasjonsteam, og PPT og helsesøster har faste kontaktdagar på skulane. Fagleiar for PPT er kommunen sin kontaktperson for mobbeombodet i fylket.

Aktuelle lenker

 

Medverknad for elevane
  • Elevråd. 
    Elevrådet skal fremme fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i, og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.  
  • Elevsamtalar 2 gongar per år
  • Utviklingssamtalar 2. gongar i året
Klassekontakt

Tidleg kvar haust blir det i kvar klasse arrangert eit klasseforeldremøte. Om det ikkje har vore gjort før, skal det då veljast klassekontakter.    

Klassekontaktene skal  

  • Planleggje foreldremøte saman med kontaktlærarane. 
  • Halde god kontakt med andre foreldre og formidle deira synspunkt og innspel inn mot lærarane og leiinga ved skulen. 
  • Møte i FAU og fremje foreldra sine interesser der.  
Foreldreutval (FAU)

Er heimla i opplæringslova og samansett av klassekontaktene.  

FAU skal  

  • Fremje fellesinteressene til foreldre og føresette. 
  • Medverke til at foreldre og føresette kan ta aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. 
  • Medverke til godt samarbeid mellom heim og skule. 
  • Medverke til positiv utvikling av elevane. 
  • Skape kontakt mellom skulen og nærmiljøet.  
Samarbeidsutvalet (SU)

Samarbeidsutvalet er skulen sitt høgste rådgjevande organ. Elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette er representerte i SU. I tillegg har kommunen to representantar, og rektor skal vere den eine av desse.  
 
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen t.d: 

  • Forslag til budsjett. 
  • Verksemds-og utviklingsplan for skulen. 
  • Plan for samarbeid skule- heim. 
  • Skulevurdering. 
  • Planar for ombygging og vedlikehald. 
  • Skulen si informasjonsverksemd. 
  • Skuleskyss. 
  • Trafikktilhøve. 
  • Ordensreglement.