Sula kommune

Læringsmiljø

Læringsmiljø - Sula ungdomsskule

Aktivitetar
  • Bli kjent-dag
    Elevane på 9. og 10. trinn arrangerer Bli kjent-dag for nye  elevar på 8.trinn i august kvart år. Grilling av pølser, leik og konkurransar på tvers av trinn.

  • Fjelldag
    Dersom veret er på vår side, blir det arrangert ein fjelldag for heile skulen i løpet av september/oktober.

  • Skuletur
    Dersom foreldre, elevar og lærarar ønsker det kan 10.trinn reise på ein skuletur i starten av 10.trinn. Maks to overnattingar og turen må vere innanlands. Dei siste åra har dei fleste trinn reist til Lom, med tur til mellom anna Galdhøpiggen.

  • Labbedansar
    Det vert arrangert 3 - 4 labbedansar kvart skuleår. Desse er det 9.trinn som arrangerer.
     
  • Nyttårsball
    Elevrådet, i lag med 9.trinn, arrangerer nyttårsball for heile skulen i løpet av januar.
     
  • Skidag
    Dersom ver og føre tillet de,t vil ein prøve å arrangere skidag i perioden mellom vinterferie og påske.
     
  • Grand Prix
    Blir arrangert kvart år siste torsdag før vinterferie. Alle klasser stiller med eit innslag. Alle elevar har ei rolle under arrangementet.
     
  • Ungdom med MOT
    Desse har mellom anna ansvar for at det er aktivitetar i amfiet i langfri enkelte dagar. Dette kan vere karaoke, brettspel, dans o.a.
     
  • Uteområde
    Skulen sitt uteområde er oppgradert siste åra og bidrar til at elevane kan vere i aktivitet i friminutta.
Nettvett

Her er nokre nyttige lenker der du kan lese meir om temaet:

Barnevakten.no
Reddbarna.no
Brukhue.com

Mobbing/krenking

Dersom du blir mobba, eller veit om nokon som blir mobba, må du seie i frå til kontaktlæraren din. 

Be om ein prat med kontaktlæraren din, miljøarbeidar, sosiallærar, rådgjevar eller rektor. Dersom du tenker at det er tryggare, så kan du også snakke med helsesøster.

Dersom du som forelder blir gjort kjent med at det foregår mobbing i skuletida, på nett, på skulevegen eller på fritidsaktivitetar ber vi deg om å ta kontakt med skulen omgåande.

Psykisk helse

Elevane på 9.trinn får 3 x 2 timar med opplæring i kva psykisk helse er og lærer seg også verktøy for å meistre utfordringar i kvardagen.

Helsesøster og sosiallærar er ansvarlege for tilbodet.

Elevråd

Elevrådet ved skulen består av to representantar frå kvar klasse. Desse har jamnlege møte. Miljøarbeidar er kontaktperson for elevrådet.

Elevrådet skal fremme fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i, og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.  

FAU

Foreldrerådet ved skulen består av to representantar frå kvar klasse. Desse velger ein leiar og ein nestleiar/skrivar og desse to er FAU sine representantar i samarbeidsutvalget.

Foreldrerådet skal fremme fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet. 

Opplæringslova § 11-4

Samarbeidsutval

Samarbeidsutvalget fungerer også som eit skulemiljøutvalg. I dette utvalget har

  • elevrådet to representantar 
  • FAU har to representantar
  • lærarane har to representantar
  • andre tilsette har ein representant
  • kommunen har to representantar der rektor er den eine og den andre er ein politikar.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

Fann du det du leita etter?