Sula kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon - SFO Solevåg

Lokalitetar

På Solevåg SFO har vi delt oss i to basar i nybygget:

Base A

Vi ligg i tredje etasje og her er første og delar av andre klasse. Her er også SFO sitt kjøkken som barna får servert ettermiddagsmat frå kvar dag.

Base B

Vi ligg i andre etasje rett under Base A. Her høyrer delar av andre klasse, tredje og fjerde klasse til. Vi nyttar grupperomma i etasjen til aktivitetar i mindre grupper.

Felles

Vi nyttar vi gymsal, språkverkstad, bibliotek og nærmiljøet flittig i SFO tida.

Elevane brukar same garderoba som dei gjer i skuletida.

Dagsrytme
  • 07:10                     SFO åpnar
    • Roleg leik på basen, eting av medbrakt frukost for dei som vil.
  • 12:10/13:05        SFO ettermiddagen startar
    • SFO går inn i klassane og kryssar inn
  • 14:00                     SFO serverar mat
  • 14:40                     Frileik/grupper/aktivitetar fra månadsplanen.
  • 16:30                     SFO stenger

SFO er åpen 11 månadar per år. I perioden 1.august til og med 30 juni påfølgjande år. Påmelding til skulefrie periodar vil de få etterkvart

Måltid

Frukost

Dei barna som kjem på SFO før skuletid har tilbod om ete medbrakt matpakke på kjøkkenet.

Ettermiddagsmat

Vi på SFO serverer ettermiddagsmat til barna kvar dag. Tre dagar i veka er det varmt måltid, ein dag med brødmåltid og ein dag med korn. Vi deler også ut mjølk og vatn til kvart måltid.

Utstyr til barna

Barna skal ha med

  •  Matpakke 
  • Innesko/gymsko 
  • Ytterkle etter årstida ( Solkrem/regnkle/støvlar, vinterkle/vottar/huer) 
  • Ekstra kle – frå innerst til ytterst 

Husk å merke kle og utstyr godt! 

Hugs å sjå igjennom korgene til barna med jamne mellomrom! 

Dette er spesielt viktig å tenke på for dei som har barn som går heim sjølve.  

Fann du det du leita etter?