Sula kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon - Solevåg skule

Informasjonshefte 2018/19
Timeplan for skulen
  • 07:10     SFO-opnar
  • 08:30     1. time
  • 09:15     Friminutt
  • 09:25     2. time
  • 10:10     3. time
  • 10:55     Friminutt
  • 11:25     4. time
  • 12:10     Friminutt
  • 12:20     5. time
  • 13:05     Friminutt
  • 13:15     6. time
Ordensreglement

Overordna ordensreglement

Overordna ordensreglement for skulane i Sula kommune (PDF, 516 kB)

Ordensreglement for Solevåg skule

(godkjend i SU 26.09.17) 

I den tida du går på skule har du rett til gratis undervisning, lærebøker, skulemateriell, legekontroll, og  tannhelseteneste. Viktig er det også å kjenne til dei pliktene du har som skuleelev. Kvar skule har sine ordensreglar som skal hjelpe oss til å få eit godt og triveleg skulemiljø. Skal det lukkast, er det mellom anna om å gjere at ingen ertar eller plagar andre på skulevegen eller på skulen.  

For Solevåg skule har vi desse ordensreglane: 


Skulevegen - frammøte

  • Vis fin framferd og hald deg til trafikkreglane på vegen til og frå skulen.
  • Bruk ikkje bilvegen der du kan følgje gang-/sykkelvegen eller andre vegar du har lov å gå på. 
  • Møt på skulen i rett tid.  

Sykling

  • Elevar blir oppmoda om å ikkje sykle til skulen før våren i 3. klasse.       
  • Elevar på framkomstmiddel med hjul (sykkel, sparkesykkel ol.) skal bruke hjelm.
  • Desse tre reglane gjeld både for sykkel, sparkesykkel, rullebrett, rulleskøyter og rullesko:
    • Set slikt utstyr på tilvist plass.
    • I skule-/SFO-tida er det ikkje lovleg å nytte slikt utstyr på skuleområdet.
    • Sykkelen skal leiast ned bakken  

På skulen

  • Ver høfleg og vis god framferd mot alle du har med å gjere på skulen og skulevegen. Brot på dette kan føre til bortfall av friminutt.
  • Elevane skal vere ute i friminutta. Lærarane avgjer eventuelle unntak.
  • Møt opp straks det er «inn».
  • Rett deg etter dei som har tilsyn i friminutta. (pros. D-1)
  • Forlat ikkje skuleområdet i skuletida utan løyve.
  • Snøballkasting er tillate berre på tilvist plass. (pros. D-5) 
  • I timane skal det vere arbeidsro og orden.
  • I kvar klasse bør det veljast ordenselevar og tillitselevar.
  • Ta ikkje med deg pengar til skulen utan du har løyve heimanfrå. Legg ikkje att pengar, eller anna du   er redd for, i yttertøyet på gangen.
  • Ver stille i gangane. Gå roleg og pent til og frå undervisningsromma.
  • Hald orden på toaletta. Ver der ikkje utan grunn.
  • Tyggegummi, søtsaker, tobakk og rusmiddel er forbode. Halsdrops er tillate v. melding heimanfrå.  
  • Bruk av mobiltelefon,  dataspel, og liknande er forbode. (pros. D-7)  
  • Pass godt på bøkene og dei andre skulesakene dine. (pros. D-6)
  • Ingen må fingre med eller ta andre sine eigendelar. (pros. D-4)
  • Elevane kan ha festar og andre tilstellingar på skulen i tråd med gjeldande utleigereglar. 

 
NB!  
Merknadane i parentes viser til prosedyrane i skulen sitt kvalitetssikringssystem.    
Handhevinga av ordensreglane må sjåast i samanheng med desse prosedyrane    
Ordensreglane gjeld og for SFO der det er relevant.        
Føresette blir av samarbeidsutvalet oppmoda om å gå gjennom ordensreglane saman med barna sine.

Kle og utstyr

Elevane på 1.-2.trinn har uteskule ein dag i veka. Det er derfor viktig at elevane har nok og rett utstyr til å vere ute desse dagane.  

Utstyr elles:  

  • innesko
  • kleskift etter årstid
  • drikkeflaske
Leksehjelp

Leksehjelp vert i hovudsak gitt til elevar på mellomsteget.

Leirskule

Leirskuleopplæring for elevane i grunnskulen er heimla i opplæringslova. 

Med leirskole meiner vi i denne samanheng opphald ved bemanna leirskule eller annan aktivitet, for eksempel ekskursjonar eller turar, som har ei varigheit på minst tre overnattingar. 

Innhaldet i opplegget skal vere ein del av grunnopplæringa og skal koplast til kompetansemål i læreplanar for fag. 

Kommunen har etter § 2-15 i opplæringslov ikkje lov til å krevje noko form for eigenbetaling/eigenandel i samband med leirskuleopphaldet (reise, kost og losji). 

Solevåg skule har i fleire år, reist til Stryn Leirskule i Sogn og Fjordane.

Søke om fri i skuleåret

I følgje Opplæringlova kan kommunen, når det er forsvarleg, etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Søknadsskjema

Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.

Bestille mjølk og frukt

Frukt og mjølk kan du bestille på nett

Skulebibliotek

Solevåg skule har skulebibliotek med «elevbemanning heile veka». Elevar som har fått opplæring kan kontaktast ved behov.

Nyttige lenker

Her har vi samla nokre lenker som vi trur kan vere nyttige for deg som er elev og føresett. 

Fann du det du leita etter?