Sula kommune

Læringsmiljø

Læringsmiljø - Solevåg skule

Aktivitetar
  • Fjelldag 
  • Markadag 
  • Samlingsstunder 
  • Adventsstunder 
  • Grunnskulefest 
  • Båten/havet og folket (FONS)
  • Friluftsveke
  • Idrettsdag 
  • Skidag
  • Kultursekken, konsertar og teater
Mangfald og inkludering
  • Mitt val
  • Vi er medlem av leikepatruljen. Dette er med på å skape god leik i friminutta, og dei eldste får vere med på å bestemme og organisere. Dette ligg det mykje glede og god læring i.  
Psykisk helse
Samarbeid til beste for barnet
  • PPT er ein viktig støttespelar for skulen. PPT-kontoret held til i Langevåg, men vi har jamne møter på skulen, der vi kan samtale om utfordringar som skulen har. PPT si viktigaste oppgåve er å gje pedagogiske og psykologiske råd, særlig i høve til tilrettelegging av undervisninga for elevar med særskilde behov. PPT skal òg fungere som støtte i direkte kontakt med føresette, elevar og lærarar. Vår PPT vil også bistå med ulik grad av kartlegging om vi treng hjelp til det. 
  • Helsesøster. Vi har ei eiga helsesøster som er hos oss kvar fredag. Ho har kontor ved administrasjonen. 
  • Samba. Tverrfagleg samarbeid med foreldre som viktigaste samarbeidspart. Sula kommune ynskjer å bli betre i sitt arbeid med å tilby tidleg hjelp til barn og familiar som av ulike årsakar slit i kvardagen. Vi tilyr SamBa (saman om barna). SamBa skal vere eit lavterskeltilbod der både foreldre, skule eller andre kan melde inn behov for rettleiing. 
  • Skilsmissegrupper. I regi av helsesøster. Eit tilbod som rettar seg mot barn med to heimar 
  • Bap-grupper. I regi av helsesøster. Eit tilbod som rettar seg bot barn med foreldre med psykiske vanskar. 
  • Barnevern 
Elev og læringssyn

Elevsyn

Alle elevane ved Solevåg skule 

  • er like verdfulle og skal behandlast med respekt      
  • skal oppleve å bli sett i løpet av dagen
  • skal føle seg trygge - skal føle tilhørigheit
  • skal møte ein tilpassa skulekvardag
  • skal møte tydelege, samstemte, forutsigbare og omsorgsfulle vaksne      
  • skal oppleve å ha venner
  • skal oppleve å bli tatt på alvor og bli lytta til 

Praktiske konsekvensar

Læringssyn

  • Elevane lærer best når dei trivst og er trygge.
  • Elevane lærer best når dei møter variert og tilpassa undervisning.
  • Elevane lærer best når dei har føresette som tek ansvar og ser at dei er viktige for eigne barn sin motivasjon og læringsutbytte.
  • Elevane lærer best når dei har fysisk aktivitet kvar dag.
  • Elevane lærer best når dei er delaktige i utforming av eigne mål for kunnskap, dugleik og haldning.
  • Elevane lærer best når dei møter tydelege krav til eigeninnsats, blir vurderte og får tilbakemeldingar. 

 Praktiske konsekvensar
 

 
 

Medverknad for elevane
  • Elevråd. 
  • Elevsamtalar 2 gongar per år
  • Utviklingssamtalar 2. gongar i året
Klassekontakt

Tidleg kvar haust blir det i kvar klasse arrangert eit klasseforeldremøte. Om det ikkje har vore gjort før, skal det då veljast klassekontakter.    

Klassekontaktene skal  

  • Planleggje foreldremøte saman med kontaktlærarane. 
  • Halde god kontakt med andre foreldre og formidle deira synspunkt og innspel inn mot lærarane og leiinga ved skulen. 
  • Møte i FAU og fremje foreldra sine interesser der.  
Foreldra sitt samarbeidsutval (FAU)

Er heimla i opplæringslova og samansett av klassekontaktene.  

FAU skal  

  • Fremje fellesinteressene til foreldre og føresette. 
  • Medverke til at foreldre og føresette kan ta aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. 
  • Medverke til godt samarbeid mellom heim og skule. 
  • Medverke til positiv utvikling av elevane. 
  • Skape kontakt mellom skulen og nærmiljøet.  
Samarbeidsutvalet (SU)

Samarbeidsutvalet er skulen sitt høgste rådgjevande organ. Elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette er representerte i SU. I tillegg har kommunen to representantar, og rektor skal vere den eine av desse.  
 
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen t.d: 

  • Forslag til budsjett. 
  • Verksemds-og utviklingsplan for skulen. 
  • Plan for samarbeid skule- heim. 
  • Skulevurdering. 
  • Planar for ombygging og vedlikehald. 
  • Skulen si informasjonsverksemd. 
  • Skuleskyss. 
  • Trafikktilhøve. 
  • Ordensreglement. 
Fann du det du leita etter?