Sula kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon - SFO Måseide

Lokalitetar

Basen vår har vi i kjøkkenet. Vi har også eit eige rom i tilknyting til kjøkken- «grønnerommet» og 1. klasserommet. Under måltida brukar vi desse to romma, samt kjøkkenet.

Elles så brukar vi kjøkkenet, gymsal, sløydsal, språkverkstad og bibliotek.

Elevane nyttar same garderoba som dei gjer i skuletida. 

Dagsrytme

Slik ser dagen på SFO ut 

  •  07:15      SFO åpnar 
    •  Frukost og/eller roleg leik (barna et medbrakt mat) 
  • 13:15 SFO ettermiddagen startar 
    • Alle barna møter i gangen for registrering
    • Fast utetid 
  • 14:15        Måltid 
  • 14:45        Frileik/grupper/aktivitetar frå månadsplanen 
  • 16:30        SFO  Stenger  

SFO er open 11 mnd pr år i perioden 1. august til og med 30.juni påfølgjande år. Påmelding til skulefrie perioder vil de få etterkvart.   

Måltid

Barna tek med matpakke og vassflaske sjølv. Dei får litt frukt på SFO kvar dag.


Vi har bakedagar og lagar noko ekstra til bursdagar, då får også bursdagsbarna litt ekstra merksemd og eit bursdagskort. Vi må ha informasjon om barnet ditt har ulike allergiar.

Her kan du bestille mjølk om du vil at barnet skal ha det til måltidet. 

Aktivitetar

Barn lærer gjennom leik, og brukar leik til å bearbeide opplevingar. Dei vaksne på SFO legg til rette for at barna skal få utfalde og utvikle seg i SFO tida.

Då SFO er ein del av fritida til barna står frileik og egne val i sentrum, men sjølvsagt i trygge og organiserte rammer. 

Utstyr til barna
  •  Matpakke 
  • Innesko/gymsko 
  • Ytterkle etter årstida ( regnkle/støvlar, vinterkle/vottar/huer) 
  • Ekstra kle – frå innerst til ytterst 

Husk å merke kle og utstyr godt! 

Hugs å sjå igjennom korgene til barna med jamne mellomrom! 

Dette er spesielt viktig å tenke på for dei som har barn som går heim sjølve.  

Fann du det du leita etter?