Sula kommune

Om oss

Overordna mål for verksemda 

Skulefritidsordninga skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal ha gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.  

I retningsliner for SFO i Sula (PDF, 45 kB) heiter det at "SFO i Sula skal vere eit pedagogisk stimulerande omsorg- og fritidstilbod for barn på 1. – 4. årstrinn og for barn med særskilte behov på 1. til 7. årstrinn." 

Målsetting 

SFO er ein del av skulen si totale virksomheit, men også ein stor del av barna si fritid. Den frie leiken blir derfor vektlagt på SFO. Det blir tilrettelagt for at barna skal kunne utfalde seg etter eigne ønsker, innafor trygge rammer og med rettleiing av ein vaksen dersom det trengs. Gjennom leik får barna vere ilag, og dei får utvikle seg sosialt både i store og små grupper, på tvers av kjønn, alder og interesser.  
 
SFO følgjer same ordensreglane på området som elles gjeld ved Fiskarstrand skule, noko som gjer det stabilt og oversikteleg for barna. 
 
Ved Måseide SFO er målsettinga vår å gi barna ein trygg stad å vere.Vi legg vekt på at dette er fritida til barna. Dei får stort sett sjølv velje kva leikar/aktivitetar dei vil halde på med (ute/inne). Det blir også organisert aktivitetar som barna får velje om dei vil delta på.   

Lover og reglar

Opplæringslova § 13-7 
Retningslinjer for SFO i Sula kommune (PDF, 45 kB)

Kontakt

Gunn Vedlog
SFO-leiar Måseide skule
E-post
Telefon 70 19 79 16
Mobil 909 44 345
Janne Lise Lundbø
Rektor
E-post
Telefon 70 19 87 20
Mobil 909 48 818

Adresse

Ingeskogen 16
6036 Mauseidvåg


Organisasjonsnummer
Skule: 975277143
SFO:  987897201 

 

Opningstider

Måndag - torsdag
07:15 - 08:30 og 13:15 - 16:30

Fredag
SFO opnar 12:30 for å ta i mot 1. klassingane som er ferdige på skulen 12:30.

 

Fann du det du leita etter?