Sula kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon - SFO Langevåg

Faste aktivitetar

I tillegg til frileik har vi ein del faste aktivitetar barna får vere med på. Barna er delt i grupper på trinn for å sikre at alle får delta på alle aktivitetane i løpet av SFO tida si.

Her er ei oversikt over aktivitetane våre:

  1. trinn 

2.trinn 

3.trinn 

4.trinn 

Gymleik 

Gymleik 

Album 

Scrapping 

 

strikkegruppe 

strikkegruppe  

Strikkegruppe 

Sløydgruppe 

Sløydgruppe 

Matlaging 

Matlaging 

Sygruppe 

Sygruppe 

Sygruppe 

Sygruppe 

Lese- og skrivetrening på ipad 

Lese- og skrivetrening på ipad 

 

 

Daglege aktivitetar i grupper 

Teikning 

Teikning 

Teikning 

Teikning 

Tråd 

Tråd 

Tråd 

Tråd 

Fine opplevingar som er litt utanom det vanlege 

Heile SFO vert invitert på generalprøven til Sula Grand Prix i februar.  

I mai får vi også russane på besøk. Dei deler ut is og russekort. 

På våren kjem elevar frå Fagerlia VGS og tar over SFO ein ettermiddag.  

Opningstider

SFO opnar kl. 07:15 og stenger kl. 16:30.

Om barnet vert henta etter klokka 16:30 vil de bli fakturert eit gebyr på kr 200,00. 

SFO er stengt i juli.

Ver merksam på andre fridagar/studiedagar

Rutiner og tryggleik

Klokka 08:20 opnar dørene for dei som ikkje er på SFO om morgonen, då kjem lærarane til klasseromma sine.

Etter skuletid startar SFO med registrering og mat på klasserommet. Deretter er det utetid. Ungane på 1. trinn brukar refleksvestar for å vere meir synlege. Vestane har ulike fargar for å markere dei ulike klassene (A,B,C og D).

Det er viktig at det blir gitt melding dersom eit barn er på skulen, men ikkje skal på SFO. Det er ikkje nok at barnet sjølv gir denne beskjeden.

Henting

Det er greitt å gjere avtalar om at ungar skal gå heim til ei fast tid, men vi ønsker ikkje daglege telefonar om å sende barn ned til rundkjøringa.

Vi ønskjer at dei som hentar kjem innom SFO for å sjå kva barna gjer på, og for å rydde litt i garderoba (ta med våte klede o.l). Ungar på 1. trinn skal alltid hentast på basen.

Kle

Vi ønskjer at de foreldre skal hjelpe oss med å halde orden på plassen til barnet dykkar. Merk alle klede, matbokser og drikkeflasker. Ekstra skift skal ligge i korga.

Vi bruker innesko på skule og SFO.

Mat

Både torsdag og fredag får ungane mat på SFO. Fredag koser vi oss litt ekstra ved å ete ute. Vi serverer vatn til alle måltid. På menyen står det brødskiver, fiskekaker, lapskaus, tomatsuppe, hamburger og havregraut.  

Vi serverer frukt eller grønsaker to dager i veka.

Tilbakemeldingsskjema

For å gjere SFO til ein enda betre plass for ungane, ønsker vi tilbakemelding på positive og negative opplevingar på SFO. Vi har skjema og kasse hengande i gangen. Skjema kan leverast anonymt.

Oppseiing

Søknad om plass i SFO eller endring av type plass, skal gjerast elektronisk via oppvekstportalen. Logg inn med «MIN ID»

Det er ein månad oppseiing, som gjeld frå den 1. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp seinare enn 1. april med verknad frå 1. mai. Oppseiing eller endring av plasstype for barn med plass i SFO for neste skuleår (august) skal skje innan 1.juni.

SFO på dagar med skulefri

Før skulefrie dagar vert det sendt ut påmeldingsskjema som alle må svare på med e-post. 

På dei skulefrie dagane er det same ordninga som om det skulle vere skule. Du betalar ikkje for «skuletida», men for tida før og etter, sjølv om det ikkje er skule.

Vi opplever ofte at barn som er påmeldte, ikkje kjem. Dette kostar mykje, og kan gå utover tilbodet resten av året, vi håper derfor de tenker over behovet før de melder barnet dykkar på desse dagane.

Fann du det du leita etter?