Sula kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon - Langevåg skule

Ordensreglement
Verdidokument

Verdiplattform

Det er mykje å hugse når eg skal KLATRE mot toppen! 
Eg må tenke lurt og  bruke heile kroppen. 
Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. 
Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. 
Eg må vite at eg har ANSVAR for å øve. 
Eg skal kjenne meg TRYGG nok til å prøve. 
Eg må RESPEKTERE dei andre som er med. 
Eg skal vere ENGASJERT så eg ikkje ramlar ned. 
 
Så vert dei ståande K L A T R og E, 
vi som høyrer til Langevåg skule skal klatre, ver sikker på det! 
 
Les heile verdidokumentet til Langevåg skule. (PDF, 814 kB)

Trafikk

Parkering

Skulen vår har adresse Bratthaugmyra 39.

De køyrer til skulen opp Bratthaugmyrveien. Parkeringsplassen vår ligg til høgre langs den vegen, like etter kyrkja sin parkeringsplass.

Det er ikkje lov å køyre inn Skulevegen (vegen inn til tannklinikken) Her skal berre skulebussane køyre inn,samt andre med særskildt løyve.

Vi ønsker heller ikkje at nokon skal parkere ved Sulahallen, då det lett kan oppstå farlege situasjonar.

Dropsone

I tillegg har vi ei dropsone (rundkøyring) der de kan køyre inn for og sette av barna. Det er ikkje lov å parkere der. Hugs å køyre så langt fram som du kjem når du skal stoppe, då unngår vi kork og kaos.

Då skulen vår vart bygd, var det viktig å få ein skule utan trafikk på området der elevane skal opphalde seg. Dette fører  til at dei som vil følgje borna sine inn, får litt lenger veg å gå. Vi forstår de har det travelt når de skal bringe og hente barna dykkar, men barna sin tryggleik er det viktigaste.

Vi ber om at alle respekterer det som er bestemt om trafikk og parkering.

Handicap-parkering

Handicap-parkering finn ein aust for skulen,  på merka område mellom rundkøyringa for bussane, og skulen. 

Utereglar
  • I friminutta skal du vere ute, og innanfor skulen sitt område.
  • Du har lov til å halde på med rullebrett/sparkesykkel, og snøball-leik på tilviste område. Dette er merka med eigne skilt. Vi har også merka nokre ballområde med skilt.
  • Du skal vere snill og grei, syne respekt for barn og vaksne, og rette deg etter det dei vaksne seier.
  • Dersom du treng å gå på toalettet i friminutta kan du gjere dette på base 1. Her er det vaksne vakter.

Ved brot på desse reglane får du ein merknad. Dersom du ikkje rettar deg etter merknadar, misser du retten til eit friminutt, eller anna passande konsekvens, og det vert gitt melding heim. Kontaktlærar følger opp.

 

 

Kle og utstyr

Utstyr elles:  

  • innesko
  • skiftklede 
  • drikkeflaske
  • matpakke
  • pennalhus 
Leksehjelp

Leksehjelp vert i hovudsak gitt til elevar på 5-7 trinn etter søknad (kvar haust).

I tillegg har vi ei gruppe på tvers av trinn for elevar som treng det av ulike årsaker.

Leirskule

Leirskuleopplæring for elevane i grunnskulen er heimla i opplæringslova. 

Med leirskule mener vi i i denne samanheng opphald ved bemanna leirskule eller annan aktivitet, for eksempel ekskursjonar eller turar, som har ei varigheit på minst tre overnattingar. 

Innhaldet i opplegget skal vere ein del av grunnopplæringa og skal koblast til kompetansemål i læreplanar for fag. 

Kommunen har etter § 2-15 i opplæringslova ikkje lov til å krevje noko form for eigenbetaling/eigenandel i samband med leirskuleopphaldet (reise, kost og losji). 

Langevåg skule har i fleire år, reist til Haugelandsenteret i Sunnfjord.

Søke om fri i skuleåret

I følgje Opplæringlova kan kommunen, når det er forsvarleg, etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Søknadsskjema

Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.

Bestille mjølk og frukt

Frukt og mjølk kan du bestille på nett

Skulebibliotek

Vi har eit flott skulebibliotek som er bemanna to-tre timar kvar veke. Elevane har og høve til å låne bøker utan om dei bemanna timane.

Elles har vi tett samarbeid med folkebiblioteket i Langevåg.

Fann du det du leita etter?