Sula kommune

Læringsmiljø

Læringsmiljø - Langevåg skule

Aktivitetar
  • Samlingsstund
  • Julekonsert
  • Fjelldag
  • 100 dagarsfest på 1.trinn
  • Aktivitetsdag
  • Skidag
  • Matematikkdag
  • Sykkelveke
  • Mitt val
  • Kantine
  • Den kulturelle skulesekken
  • Songdag
  • Solfest
  • Joggedag med innsamling til tv-aksjonen
  • Kulturkarusell på 3.trinn
  • BliMe-dansen
  • Leikepatrulje -  skal å aktivisere medelevar i friminutta.
  • Juleverkstad
Handlingsplan mot mobbing på Langevåg skule
Psykisk helse
Nettvettsamling

Vi har nettvettsamling for elevar og føresette på 5 - 7. trinn.

Elevane har kurset på dagtid, medan føresette har kurset på kveldstid.

Samarbeid til beste for barnet
  • PPT er ein viktig støttespelar for skulen. PPT-kontoret held til i Langevåg, men vi har jamne møter på skulen, der vi kan samtale om utfordringar som skulen har. PPT si viktigaste oppgåve er å gje pedagogiske og psykologiske råd, særlig i høve til tilrettelegging av undervisninga for elevar med særskilde behov. PPT skal òg fungere som støtte i direkte kontakt med føresette, elevar og lærarar. Vår PPT vil også bistå med ulik grad av kartlegging om vi treng hjelp til det. 
  • Helsesøster. Vi har ei eiga helsesøster som er hos oss kvar fredag. Ho har kontor ved administrasjonen. 
  • Samba. Tverrfagleg samarbeid med foreldre som viktigaste samarbeidspart. Sula kommune ynskjer å bli betre i sitt arbeid med å tilby tidleg hjelp til barn og familiar som av ulike årsakar slit i kvardagen. Vi tilyr SamBa (saman om barna). SamBa skal vere eit lavterskeltilbod der både foreldre, skule eller andre kan melde inn behov for rettleiing. 
  • Skilsmissegrupper. I regi av helsesøster. Eit tilbod som rettar seg mot barn med to heimar 
  • Bap-grupper. I regi av helsesøster. Eit tilbod som rettar seg bot barn med foreldre med psykiske vanskar. 
  • Barnevern 
Elev- og læringssyn

Elevsyn

  • Alle elevane er unike og likeverdige
  • Elevane skal møte tydelege vaksne og trygge rammer/struktur
  • Alle elevar har ønske om og potensiale for læring, og skal få arbeide ut i frå sine føresetnadar
  • Elevane skal få møte lærarar som stiller faglege og sosiale krav

Læringssyn

Overordna mål er å skape eit læringsmiljø prega av gode relasjonar og støttande kultur.

  • Alle elevane skal oppleve meistring
  • Tryggleik og trivsel skal vere i fokus
Klasseleiing

Vi har ein felles standard/kvalitetssikring som alle skal følgje i arbeidet sitt. Dette skal vere ei kvalitetssikring av arbeidet med elevane for å sikre likeverdig opplæring.

Vi har utarbeidd ei rekke konkrete planar/retningsliner som skal brukast i opplæringa for å kunne møte elevane sine behov for tilpassa opplæring. For å sjekke kvar vi står gjennomfører vi ståstedsanalyse, swot-analyse og  elevundersøkingar. Resultata av desse vert gjenstand for felles refleksjon i utviklingstida vår,  og naudsynte tiltak vert sett i gang. Vi har innført læringspartner som metode for m.a  å få  høgare elevaktivitet i læringsarbeidet, og vi gjennomfører kollegarettleiing ein gong pr. skuleår.

Vi ønsker å tilby elevane våre verdibaserte læringsomgivelsar. Forsking viser at relasjonar  og tryggleik er viktig for læring. Relasjonskompetanse var tema i kollegarettleiinga. Vi har i løpet av dette skuleåret vidareutvikla vår kompetanse på relasjonar, og har kome fram til nokre retningsliner som alle skal følgje. I tillegg har vi utvikla ei verktøykasse der dei tilsette finn gode tips til korleis dei kan jobbe med relasjonar. Dette er eit ledd i vårt arbeid med å utvikle vår kollektive praksis. Det handlar  om kollektive verdiar, haldningar og arbeidsmåtar, og om at vi skal lære elevane om kva det vil seie å vere ein lærande, det handlar om å få opp bevisstheita om kvifor vi er her på skulen.

Vårt overordna mål er at våre felles verdiar, og felles praksis skal synast i alle klasserom på skulen.

 

Medverknad for elevane
  • Elevråd. 
    Elevrådet skal fremme fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i, og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.  
  • Elevsamtalar 2 gongar per år
  • Utviklingssamtalar 2. gongar i året
Foreldreskule

Kvar haust har vi foreldreskule for førsteklasseforeldre. Kurset går over tre kurskveldar. Det dreier seg i hovudsak om leseopplæring, nettvett og klassemiljø.

Foreldra sitt samarbeidsutval (FAU)

Er heimla i opplæringslova og samansett av klassekontaktene.  

FAU skal  

  • Fremje fellesinteressene til foreldre og føresette. 
  • Medverke til at foreldre og føresette kan ta aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. 
  • Medverke til godt samarbeid mellom heim og skule. 
  • Medverke til positiv utvikling av elevane. 
  • Skape kontakt mellom skulen og nærmiljøet.  
Samarbeidsutvalet (SU)

Samarbeidsutvalet er skulen sitt høgste rådgjevande organ. Elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette er representerte i SU. I tillegg har kommunen to representantar, og rektor skal vere den eine av desse.  
 
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen t.d: 

  • Forslag til budsjett. 
  • Verksemds-og utviklingsplan for skulen. 
  • Plan for samarbeid skule- heim. 
  • Skulevurdering. 
  • Planar for ombygging og vedlikehald. 
  • Skulen si informasjonsverksemd. 
  • Skuleskyss. 
  • Trafikktilhøve. 
  • Ordensreglement. 
Fann du det du leita etter?