Sula kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon - SFO Fiskarstrand

Lokalitetar 

Basen vår har vi ved 1. klasserommet på Fiskarstrand skule. Vi har no fått eit eige grupperom i tilknyting til klasserommet. Her blir det innreia med eit bord til ulike aktivitetar, og ein lesekrok som barna kan nytte når dei treng ei stille stund. 

Under måltida brukar vi også 1, 2 og 3. klasseromma og kjøkkenet. Elles brukar vi kjøkkenet, gymsal, sløydsal, språkverkstad og bibliotek.

Elevane nyttar same garderoba som dei gjer i skuletida. 

Dagsrytme

Slik ser dagen på SFO ut 

  •  07:15      SFO åpnar 
    •  Frukost og/eller roleg leik (barna et medbrakt mat) 
  • 13:15 SFO ettermiddagen startar 
    • Alle barna møter i gangen for registrering
    • Fast utetid 
  • 14:15        Måltid 
  • 14:45        Frileik/grupper/aktivitetar frå månadsplanen 
  • 16:30        SFO  Stenger  

SFO er open 11 mnd pr år i perioden 1. august til og med 30.juni påfølgjande år. Påmelding til skulefrie perioder vil de få etterkvart.   

Måltid

Frukost

Dei barna som kjem på SFO før skuletid, har tilbod om å ete matpakke som dei må ha med heimanfrå.   

Ettermiddagsmat  

To dagar i veka får barna mat på SFO. Måndag er det varm mat og fredag brødmåltid/havregryn. 
Dei tre andre dagane må barna sjølv ha med ekstra matpakke. 
Mange av barna brukar drikkeflaska si til dette måltidet også. Vi har koppar til dei som ikkje har bruke drikkeflaskene.

Her kan du bestille mjølk om du vil at barnet skal ha det til måltidet.

Aktivitetar 

Frileik og eigne val

Barn lærer gjennom leik, og brukar leik til å bearbeide opplevingar. Dei vaksne på SFO legg til rette for at barna skal få utfolde og utvikle seg i tida dei er på SFO. Fordi SFO er ein del av fritida til barna står frileik og eigne val i sentrum, men sjølvsagt i trygge og organiserte rammer. 

Gruppeinndeling

Vi deler barna i tre grupper under måltid og aktivitetar. 1. og 4. klasse er ei gruppe, og 2. og 3. klasse deler vi på tvers til to grupper,

Gruppene har stort sett utetida si felles, men dei vil ha ulike aktivitetar, turdagar og måltid. Desse kjem det informasjon om på månadsplanen. 

Turdagar

På turdagar er vi tilbake på skulen sitt område rundt klokka 15:15. Dersom barnet må hentast før den tid kan du å ta kontakt med SFO, så avtalar vi alternativ plass der barnet kan bli henta, eller at barnet blir igjen på skulen sitt område. 

Utstyr til barna
  •  Matpakke 
  • Innesko/gymsko 
  • Ytterkle etter årstida ( regnkle/støvlar, vinterkle/vottar/huer) 
  • Ekstra kle – frå innerst til ytterst 

Husk å merke kle og utstyr godt! 

Hugs å sjå igjennom korgene til barna med jamne mellomrom! 

Dette er spesielt viktig å tenke på for dei som har barn som går heim sjølve.  

Fann du det du leita etter?