Sula kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon - Fiskarstrand skule

Timeplan for skulen

  

KLOKKA 

 

  

07.15  

SFO opnar 

  

07.15 - 0830 

 

0830 - 0915 

1.time  

09.15 - 10.00 

2.time 

  

10.00 - 10.15 

Friminutt 

10.15 - 11.00 

3.time 

 

11.00 - 11.15 

Mat 

11.15 - 11.25 

Friminutt 

 

11.25 - 11.45 

Friminutt  

11.45 - 12.30 

4.time   

(Fredagar sluttar skuledagen for 1.trinn kl 12.30, då startar SFO for dei som går der) 

12.30 - 13.15 

5.time 

Dei fleste av småskule-elevane 1.-4.trinn, avsluttar dagane sine kl 13.15. Dei som har SFO går dit, resten går heim.  

  

13.15 - 13.30 

 Dei eldste har friminutt 

13.30 - 14.15 

6.time 

Ordensreglement

Overordna ordensreglement

Overordna ordensreglement for skulane i Sula kommune (PDF, 516 kB)

Ordensreglement for Fiskarstrand skule

På skulen er du ein av mange.

Gjer mot andre slik du vil at dei andre skal gjere mot deg.

  1. Vi skal vise fin framferd på veg til og frå skulen. Vi følgjer trafikkreglane og oppmodar om at elevane brukar refleksvest i den mørke årstida.
  2. Det finst inga lov som juridisk forbyr sykling til skulen. Men skulen ynskjer å praktisere fylgjande reglar:

Vi i 1.-2. klasse kan ikkje bruke sykkel på skuleveg. Vi i 3. - 4. klasse kan  sykle til skulen, men berre dersom vi har skriftleg løyve heimafrå.

  1. Vi som syklar, SKAL bruke hjelm, og sykkelen skal vere i forskriftsmessig stand.
  2. Vi møter presis, og det skal vere arbeidsro i timane.
  3. Vi vil passe godt på skulesakene våre. Øydelagde ting og ting vi mistar, må vi erstatte.
  4. Vi er sjølve ansvarlege for ting vi har med oss til skulen. Farlege ting og ting som kan uroe undervisninga, legg vi att heime. Bruk av mobiltelefon i skule- og SFO-tida er forbode.
  5. Ved sjukdom / fråvær må foreldra gi beskjed til skulen.
  6. I skuletida held vi oss på skulen sitt område eller på plass avtalt med lærar.
  7. Vi tar ikkje med snop til skulen.
  8. Snøballkasting er lovleg på tilvist område.
  9. Vi har ikkje lov å bruke sykkel, rulleskøyter, rullebrett og liknande på skuleområdet i skule-/SFO-tida.
  10. På skulen sitt område er det ikkje anledning å nyte rusmiddel eller tobakk.
Kle og utstyr

Utstyr elles:  

  • innesko
  • skiftklede 
  • drikkeflaske
  • matpakke
  • pennalhus 
Leksehjelp

Leksehjelp vert i hovudsak gitt til elevar på mellomsteget som melder seg på tilbodet. I nokre høve vil ein kunne opne for at også yngre elevar har anledning til å nytte seg av tilbodet, men det må avklarast og leggjast til rette for.  

Leirskule

Leirskuleopplæring for elevane i grunnskulen er heimla i opplæringslova. 

Med leirskule mener vi i i denne samanheng opphald ved bemanna leirskule eller annan aktivitet, for eksempel ekskursjonar eller turar, som har ei varigheit på minst tre overnattingar. 

Innhaldet i opplegget skal vere ein del av grunnopplæringa og skal koblast til kompetansemål i læreplanar for fag. 

Kommunen har etter § 2-15 i opplæringslova ikkje lov til å krevje noko form for eigenbetaling/eigenandel i samband med leirskuleopphaldet (reise, kost og losji). 

Fiskarstrand skule har i fleire år, reist til Flekke i Sogn og Fjordane. 

Søke om fri i skuleåret

I følgje Opplæringlova kan kommunen, når det er forsvarleg, etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Søknadsskjema

Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.

Bestille mjølk og frukt

Frukt og mjølk kan du bestille på nett

Skulebibliotek

Fiskarstrand skule har eit flott skulebibliotek med to timars bemanna opningstid i veka. Biblioteket er organisert slik at elevar også utanom opningstid kan låne bøker. Vi har mange bøker og forsøker å halde oss oppdatert på den litteraturen elevane ønskjer å lese. Det vi ikkje har, kan vi låne med folkebiblioteket i Langevåg.  

Skulegensarar

FAU, i samarbeid med skulen, legg opp til at ein kan bestille skulegensarar.

Annankvart år går tilbodet ut til alle elevar, men kvart år vil 1.trinn få tilbod om å kjøpe gensrarar.  

Nyttige lenker

Her har vi samla nokre lenker som vi trur kan vere nyttige for deg som er elev og føresett. 

 

                            

Fann du det du leita etter?