Sula kommune

Om oss

Fiskarstrand skule ligg på Fiskarstranda, sentralt i Sula kommune. 

Visjon 

Ved Fiskarstrand skule skal eg kjenne meg trygg og få oppleve gleda ved å lukkast. 

Motto                                     

Opp og fram i lag!

Dei sentrale verdiane til skulen

Omsorg – Samhandling – Engasjement  - Nyskaping. 

Om skulen

Skulen er ein fulldelt barneskule med ca 140 elevar, skulefritidsordning og eit personale som svarer til om lag 15 heile stillingar.

Skulen blei oppussa og utvida i 1996. Det blei mellom anna bygd ny gymnastikksal, og uteområdet blei utvida. I 2004 fekk skulen eit brakketilbygg. I 2011 skrella orkanen Dagmar av takpappen på den gamle delen av skulen. Vass-skadane var store, og dette resulterte i ei renovering av heile 2. etasje og deler av 1. Dei siste åra har elevtalet vore stabilt - ca 140 elevar fordelt på 1. - 7. trinn. 

Utedagar

Dei yngste elevane har faste utedagar. Skulen har opparbeida eit flott uteområde i Veddemarka, 15 minutts gange frå skulen.   

Dysleksivennleg skule

Fiskarstrand skule vart, vinteren 2017, sertifisert som dysleksivennleg skule. Dette viser seg igjen i lese-og skriveopplæringa for alle elevar ved skulen. 

Fiskarstrand skule på Facebook

Kontakt

Fiskarstrand Skule
Kontor
E-post
Telefon 70 19 87 15
Mobil 70 19 87 15
Janne Lise Lundbø
Rektor
E-post
Telefon 70 19 87 20
Mobil 909 48 818
Turid Stokke
Inspektør
E-post
Telefon 70 19 87 14
Renate Myklebust
SFO-leiar Fiskarstrand skule
E-post
Telefon 70 19 87 15
Mobil 977 24 376

Adresse

Adresse:
Fiskarstrandvegen 124
6035 Fiskarstrand

Fiskarstrand skule på facebook

Organisasjonnummer
Skule: 975277135
SFO:  987897120

 

Fann du det du leita etter?