Sula kommune

Spesialundervisning for vaksne

Kva tilbyr vi?

Vaksne som har rett til grunnskuleopplæring kan også ha rett til spesialundervisning.
Kommunen og PPT skal vurdere og gi råd om kva den vaksne treng, og kommunen på gjere vedtak om spesialundervisning.

PPT skal gjere ei sakkunnig vurdering dersom den vaksne ber om det,
eller vaksenopplæringa meiner nokon treng spesialundervisning.

Du kan lese meir om vaksenopplæring på UDIR sine side ved å trykke her.
 

Kven kan få tilbodet?


Vaksne som etter Oppl.lova § 4A-2:

  • ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
  • har særlege behov for hjelp til å vedlikeholde eller utvikle grunnleggjande ferdigheiter
  • treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade

Vaksne:

  • med nedsett hørsel/døvheit som treng opplæring
  • synshemma som treng opplæring
  • med språk-, stemme- eller talevanskar som treng opplæring

Korleis få tilbodet?

Du søkjer på søknadsskjema om vaksenopplæring ved å trykke her.
Søkjar skal bli involvert og samtykke før melding til PPT og vedtak.
Dersom ein har verge, har vergen dei same rettane som den vaksne har.

Kva kostar det?

PPT sine tenester er gratis.

Kva skjer vidare?

Etter søknadsskjema er mottatt, får PPT kopi og startar opp sitt arbeid. Sakkunnig vurdering vert utarbeidd og sendt til søkjar og rektor for vaksenopplæringa. Rektor gjer vedtak.
Det skal lagast individuell opplæringsplan (IOP) og årleg skriftleg rapport om spesialundervisninga og utviklinga til den vaksne.

Klage

Søkjar kan klage på vedtak.

Lover og reglar

Opplæringslova

Kontakt

Synnøve Molvær Vågnes
Fagleiar, PPT
E-post
Telefon 70 19 95 43
Mobil 70 19 95 43
Arne Birkeland
Rektor, vaksenopplæringa
E-post
Telefon 70 19 79 42
Mobil 70 19 79 42
Fann du det du leita etter?