Sula kommune

Skulebarn

Kva tilbyr vi?

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) skal bidra til kompetanseheving og organisasjonsutvikling i skular, og skal hjelpe skulane i utviklingsarbeid for å medverke til at alle elevar får tilpassa opplæring i ein inkluderande skule. 

PPT deltek i SamBa skuleteam på barneskulane og ungdomsskulen, og driftar BAPP-grupper.

Skulane har faste kontaktpersonar/pp-rådgjevarar som har faste kontaktdagar på skulane.

PPT kan gi råd til føresette og personale i skulen om utvikling, opplæring, trivsel og tilpasning.
PPT gjer ei utgreiing og gir råd om ein elev har behov for spesialundervisning. PPT skal sørge for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det jfr. Oppl.lova § 5-1. Dette gjeld særleg tilråding om rett til spesialundervisning og kva for opplæring som gir eleven eit forsvarleg opplæringstilbod. Du kan lese meir om PPT og spesialundervisning på UDIR sine sider ved å trykke her.

PPT gir sakkunnig uttale om utsett og framskoten skulestart.

PPT gir råd om logopedbehandling når dette fell inn under kommunen sitt
ansvarsområde (sakkunnig vurdering). Les meir om logopedhjelp her.

PPT har eige skuleteam, med 3 pedagogisk-psykologiske rådgjevarar.

Kven kan få tilbodet?

Føresette og elevar i grunnskulealder.
Personalet i skulane.

Korleis få tilbodet?

Føresette kan ta kontakt i hovudsak gjennom skulen evt. gjennom andre hjelpetenester eller direkte.
Meldeskjema skal fyllast ut. Det skal vere gjennomført naudsynt kartlegging og utprøving av tiltak før melding til 
Skulen skal fylle ut pedagogisk rapport som skal ligge ved meldinga.

PPT kan gi råd til skular om barn som ikkje er meldt til PPT, når føresette har gitt samtykke eller det er tilstrekkelig anonymisert.

Skulane kan ta direkte kontakt med sin kontaktperson i PPT eller fagleiar, og aktuelle meldingar kan drøftast på kontaktdagane.

Systemmelding vert sendt til PPT dersom skulane ønsker hjelp til utviklingsarbeid i klasser og liknande.

Kva kostar det?

PPT sine tenester er gratis.

Kva skjer vidare?

Etter meldinga er mottatt vil føresette og meldar få tilbakemelding om planlagt oppstart. Saksansvarleg pp-rådgjevar vil gje tilbakemelding undervegs og etter fullført utgreiing.

Etter sakkunnig tilråding om spesialundervisning, skal rektor i skulen gjere vedtak.

Lover og reglar

Opplæringslova

Kontakt

Synnøve Molvær Vågnes
Fagleiar, PPT
E-post
Telefon 70 19 95 43
Mobil 70 19 95 43
Fann du det du leita etter?