Sula kommune

Lavterskeltilbod til barn, ungdom og foreldre

Sula kommune har ulike førebyggande og helsefremmende tilbod til barn, ungdom og foreldre. Du finn informasjon under kvart tilbod om korleis du kan melde deg på eller bestille tid.

Lavtersketilbod til barn, ungdom og foreldre

Barselgrupper

Alle mødre blir invitert til barselgruppe når barnet er ca. 2 månader.

Tema i barselgruppa:

  • søvn, mat og barna si individuelle utvikling,
  • utfordringane som sped- og småbarnsforeldre møter 
  • mobilbruk
  • fysioterapaut informerer om motorisk utvikling.

Barselgruppa kan vere ein fin moglegheit for å bli kjent med andre foreldre og knytte kontakter.

ICDP foreldrerettleiing gruppe

Tilbod til foreldre med barn i ulike aldersgrupper. Fokus på å styrke kontakt, samspel og kommunikasjon mellom foreldre og barn.

Om du har barn frå 0 - 1 år

Ta kontakt med fagleiar ved helsestasjonen, Liv Standal, telefon 70 19 91 36, E-post: liv.standal@sula.kommune.no

Om du har barn frå 2 - 6 år

Ta kontakt til tiltakskoordinator , Maren Eide, E-post: maren.lovise.eide@sula.kommune.no

Fødsel- og foreldreførebuande kurs

Alle førstegang foreldre får tilbod om foreldreførebuande kurs.

Tema på kurset

  • den store livsendringa det er å bli foreldre
  • amming
  • parforholdet, kommunikasjon og samliv
  • fødsel og barseltid

I tillegg blir det tatt opp praktiske tema som utstyr til barnet, sikring i bil, stelleplassen og mobilbruk.

BAPP gruppe for barn

Eit førebyggande gruppebasert helsetilbod for ungdom i alderen 08 -12 år, der målet er å styrke forståing, fellesskap og meistring av eigen kvardag.

Målgruppe

Tilbodet er for barn med foreldre som strevar med rus eller psykiske vanskar.

Kontaktperson og påmelding:

Tiltakskoordinator Maren Eide
E-post: maren.lovise.eide@sula.kommune.no

BAPP gruppe for ungdom

Målgruppe

Tilbodet er for ungdom med foreldre som strevar med rus eller psykiske vanskar.

Kontaktperson og påmelding

Tiltakskoordinator Maren Eide
E-post: maren.lovise.eide@sula.kommune.no

Helsestasjon for ungdom (HFU)
SamBa (saman om barna) - tverrfagleg møte

Tverrfagleg møte der foreldre er ein viktig samarbeidspart. Møta skal ha eit løysingsorientert fokus og ei målsetting om å rettleie foreldre/føresette og fagpersonar så tidleg som mogleg, medan utfordringane framleis er små.

Målgruppe

Barn frå 0 – 15 år som for eksempel viser teikn på mistrivsel, stress, som strevar sosialt, kjenslemessig, med regulering, eller at familiesituasjonen er vanskeleg. På ungdomsskulen er det ønskeleg at eleven deltek.

Kontaktperson:

Tiltakskoordinator Maren Eide
E-post: maren.lovise.eide@sula.kommune.no

 

Brosjyrer

4 år trygg og klar

Samarbeid mellom foreldre, barnehage og helsestasjon i forbindelse med 4 – års kontakt ved helsestasjonen.

Kontaktperson:

Fagleiar helsestasjon
Liv Standal
70 19 91 36

Aktivitetstilskot

Tilskot til inkludering av barn og unge mellom 6 - 18 år. Føremålet med tilskotet er at alle barn og unge skal få moglegheit til å
delta i fritidskativitetar.

Kven kan søke?

Alle lag og organsisasjonar som har tilbod til barn og unge i Sula kommune kan søke om inntil 5 000 kr pr. barn i tilskot på vegne av, eller saman med, foreldre eller føresett.

Korleis søke?


Elektronisk søknadsskjema skal nyttast og det kan søkast fortløpande gjennom året.

Meir informasjon

Brosjyre (PDF, 5 MB)

Ved spørsmål ta kontakt med lindis.akslen@sula.kommune.no, Telefon 92 64 32 95
Undervisning om psykisk helse i barnehagen

Alle barnehagane skal i løpet av barnehageåret har fokus på psykisk helse.

Tema går over ca. 12 veker, med samling kvar veke.

Barna får mellom anna opplæring i bruk av grøne /raude tankar. Grøne tankar – gir glade barn!

Føresette får invitasjon til informasjonskveld i forkant av opplæringa. Dersom du ønsker meir informasjon kan du kontakte barnehagen.

Undervisning om psykisk helse, 4. klasse

Alle skulane kjem i løpet av skuleåret 2018/2019 i gang med opplæring om psykisk helse og livsmeistring på 4. trinn. Opplæringa går over tre økter.

Elevane får mellom anna opplæring i bruk av hjelpehanda og grøne/raude tankar. Les meir på denne sida.

Føresette får invitasjon til informasjonskveld i forkant av opplæringa. Opplæringa blir gitt av skulehelsesøster og tilsett ved skulen.
Dersom du ønskjer meir informasjon kan du kontakte skuleleiing eller helsesøster ved din skule.

Undervisning om psykisk helse, ungdomsskulen

Kvart år få 9. trinn 6 timar opplæring om psykisk helse og livsmeistring. Dei får mellom anna opplæring i bruk av hjelpehanda og grøne/raude tankar. Les meir på denne sida.

Føresette får invitasjon til informasjonskveld i forkant av opplæringa. Opplæringa blir gitt av skulehelsesøster og sosiallærar.
Dersom du ønskjer meir informasjon kan du kontakte skuleleiing, helsesøster eller sosiallærar.

To heimar - gruppetilbod for barn

Barn som har to heimar får kome saman og snakke om korleis det er når foreldre ikkje lenger bur saman.

Målgruppe:

Per i dag går tilbodet til barn i 5.-7. klasse.

Tema:

  • Brot
  • Samværsordningar og feriar
  • Kva når mamma eller pappa får ny kjærast?
  • Nye søsken
  • Korleis påverkar heimeforhold min kvardag?

Informasjon og påmelding:


Fagleiar helsestasjon
Liv Standal
70 19 91 36

Utekontakt
Donken Fritidsklubb
Årshjul for tiltakseininga for barn og unge (TBU) 2018

Kontakt

Maren Lovise Eide
Tiltakskoordinator Tiltakseining for barn og unge
E-post
Telefon 904 79 129
Liv Standal
Fagleiar, helsestasjonen
E-post
Telefon 70 19 79 58
Mobil 913 21 155
Fann du det du leita etter?