Sula kommune

Ofte stilte spørsmål om barnevernet

Ofte stilte spørsmål om barnevern

Kva tenester kan barnevernet tilby?

Barnevernet jobbar for å gi effektiv hjelp som kan endre den vanskelege situasjonen som barnet og familien er i. Slikt endringsarbeid blir gjort i samarbeid med foreldra og det vi kaller tiltaksteamet hos oss. Det hender også at vi gir slik hjelp via andre for eksempel Bufetat sine hjelpetenester. 

Meir om barnevernet sitt arbeid

Kan eg vere anonym når eg tar kontakt med barnevernet?

Ja, privatpersonar kan velge å vere anonyme. Barneverntjenesten ønsker likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka meir truverdigheit. Anonymiteten opphøyrer om saka skal behandlast i fylkesnemnd eller domstol, du kan ikkje få fritak frå vitnepllikta. Både private og offentlege personar kan ringe barnevernet og drøfte saker anonymt, om ein for eksempel har behov for å få klarheit om ei sak bør meldast barnevernet.

Kva må ei melding til barnevernet innehalde?

Du må ikkje ha observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til  informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.

Kva skjer etter at eg har meldt frå?

Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking, eller henlegge meldinga dersom den er openbart grunnlaus. 

Barneverntenesta skal gi tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbart grunnlaus, eller der særlege omsyn taler mot å gi tilbakemelding. 

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova. 

Kva gjer eg om eg vil melde ei bekymring på kveldstid eller i helga?

Du kan kontakte den interkommunale barnevernvakta

Telefon 412 84 400


Bemanna i tidsrommet kl. 15:30 – 08:00 i kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Når er det aktuelt å plassere eit barn utanfor heimen?

Barneverntenesta har som utgangspunkt at barn skal bu heime så sant det er mogeleg. Når forholda i heimen tilseier det, eller når barnet av andre grunnar har særleg behov for det, kan barneverntenesta sette i verk hjelpetiltak for å betre situasjonen til barnet. I slike tilfelle legg vi vekt på å finne årsaka til vanskane, drøfte dei med foreldra og barnet, og gje effektiv hjelp med vanskane.

Omsynet til det som er det beste for barnet skal vere avgjerande for kva hjelpetiltak som blir sette i verk. Det er først dersom slike hjelpetiltak ikkje fører fram, at det kan vere aktuelt å plassere barn utanfor heimen, med eller utan foreldra sitt samtykkje. Dersom det er aktuelt å overta omsorga for eit barn, blir saka lagt fram for og behandla i fylkesnemda for sosiale saker.

Har eg rett til kontakt med barnet mitt viss det blir plassert i fosterheim eller instistusjon?

Barn og foreldre har rett til samvær med kvarandre om anna ikkje er bestemt. Det er fylkesnemnda som tek standpunkt til omfanget av samværsretten. Fylkesnemda kan også bestemme at det av omsyn til barnet ikkje skal vere samvær. Dei kan også bestemme at du som forelder ikkje skal ha rett til å vite kor barnet er.

Får eg som forelder noko form for bistand i barnevernssaka?

Rettstryggleiken til barn og foreldre har høg prioritet og alle partar vert representert gjennom advokat betalt av det offentlege. Å flegge fram saker overfor Fylkesnemda om overtaking av omsorgen for eit barn, er eit særs alvorleg tiltak som krev omfattande saksførebuingar og det er strenge krav til dokumentasjon ved førebuing av saker.

Kontakt

Barnevernet i Sula kommune
Telefon 70 19 91 73
Mobil 70 19 91 73


 

Siw Tønnesen
Fagleiar, barnevern
E-post
Telefon 70 19 91 55
Mobil 959 67 666
Interkommunal barnevernvakt
Telefon 412 84 400
Mobil 412 84 400


Bemanna i tidsrommet kl. 15:30 – 08:00 i kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?