Sula kommune

Interkommunal barnevernvakt

Barnevernvakta er eit samarbeid mellom kommunane Giske, Sula, Sykkylven og Stranda som er likeverdige partar utan vertskommune.

Telefonnummer til barnevernvakta: 412 84 400

Bemanna i tidsrommet kl. 15:30 – 08:00 i kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Fann du det du leita etter?