Sula kommune

Hjelpetiltak i barnevernet

Hjelpetiltak skal bidra til å støtte barn og foreldre for å fremme gode levekår og positiv utvikling.

I barnevernet vil vi gjerne hjelpe tidleg, før det blir akutt, slik at det ikkje blir vonde situasjonar for barn og familiar. Som regel er det best at barn får vekse opp i heimen sin. Vi skal derfor alltid først vurdere om det er mogleg å hjelpe familien å fungere betre.

Aktuelle hjelpetiltak

  • Råd og rettleiing
  • Ulike rettleiingstiltak i heimen
  • Familieråd
  • Fritidskontakt
  • Besøksheim
  • Barnehage/SFO
  • Ulike fritidsaktivitetar
  • Om foreldra samtykker, plassering hos andre i familien, i fosterheim eller institusjon

Hjelp utanfor heimen

Nokon gangar kan det vere nødvending å flytte barnet ut av heimen utan at foreldra samtykker. Då overtar barnevernet omsorgen og finn fosterheim eller eit anna omsorgstilbod. Hjelp kan bli gitt heilt til fylte 23 år.

Kontakt

Barnevernet i Sula kommune
Telefon 70 19 91 73
Mobil 70 19 91 73


 

Siw Tønnesen
Fagleiar, barnevern
E-post
Telefon 70 19 91 55
Mobil 959 67 666

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?