Sula kommune

Arbeid som fritidskontakt

Kva gjer ei fritidskontakt?

Som fritidskontakt vil du bidra til at barn og unge med ulike behov får ei meiningsfylt fritid og eit meir sosialt liv. Ei fritidskontakt hjelpe til med å styrke barnet sine fritidsinteresser og sosiale nettverk.

Fritidskontakt kan også vere eit tiltak for å avlaste føresette.

Alkohol og andre rusmiddel skal ikkje nytast i samvær med bruker.

Arbeidstida er primært ettermiddag og kveld, men noko arbeid på dagtid og helg kan også vere aktuelt.

Frititdskontakter får lønn av kommunen og køyregodtgjersle etter avtale.

Kven kan bli fritidskontakt?

  • Du bør vere sosialt engasjert, ha evne til å sette i gang aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske
  • Du bør være ein god rollemodell, vere trygg på deg sjølv og ha evne til å samarbeide.
  • Det er ingen krav til fagutdanning for å være fritidskontakt, det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Gode norskkunnskaper
  • Politiattest kreves for alle nye fritidskontakter fra og med 01.01.2017

Interesser, alder, kjønn og personlegheit er viktig når vi prøver å kople riktig fritidskontakt saman med riktig brukar. Vi vil derfor gjerne vite mest mogleg om kva  du liker å gjere.

For å skape stabilitet for brukaren, bør du kunne binde deg for minst eit år.

Slik søker du

Bruk søknadsskjema.

Kva skjer vidare?

Det vil variere kor lang tid det tar før du får tilbod om oppdrag. Når vi finn ein brukar som passar til deg og dine interesser, vil vi ta kontakt med deg for å avtale eit intervju. N

Det vil variere hvor lang tid det tar før du får tilbud om oppdrag.

Lønn

Som støttekontakt må du levere inn timeliste (PDF, 49 kB) for å få utbetalt lønn.

Kontakt

Barnevernet i Sula kommune
Telefon 70 19 91 73
Mobil 70 19 91 73


 

Fann du det du leita etter?