Sula kommune

Besøksheim

Å vere besøksheim inneber å ta imot barn eller ungdom, ein eller fleire døgn per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Besøksheim skal ikkje erstatte barnet sin heim hos biologiske foreldre, men vere ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte til foreldra.

Kven kan bli besøksheim

Einslege og par, med og utan barn kan være besøksheim.

Det blir ikkje sett krav om formell utdanning for å bli besøksheim, personlege eigenskapar og engasjement  blir vektlagde. Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar med husrom og hjarterom.

Korleis bli besøksheim?

Om du har lyst å bli besøksheim kan du ta kontakt med barnevernet i Sula kommune.

Vilkår

For å blir godkjent som besøksheim må ein legge fram politiattest i samsvar med reglane i lov om barnevernteneste § 6-10.

Betaling/lønn

Besøksheim får godtgjering etter satsar vedtatt i kommunenes sentralforbund. Satsane blir regulert årleg.
 

Kontakt

Barnevernet i Sula kommune
Telefon 70 19 91 73
Mobil 70 19 91 73


 

Siw Tønnesen
Fagleiar, barnevern
E-post
Telefon 70 19 91 55
Mobil 959 67 666
Lindis Akslen
Einingsleiar, Tiltakseining for barn og unge
E-post
Telefon 70 19 95 97
Mobil 926 43 295

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?