Sula kommune

Bekymringsmelding

Kven kan melde frå til barnevernet?

Alle kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn eller ein ungdom kan ha det vanskeleg. Det kan vere foreldre, vener, naboar, barnehage/skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn treng hjelpetiltak. Barn og ungdom kan også sjølv ta kontakt med oss.

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.

Du må ikkje ha observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til  informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.

Slik melder du frå

Du kan ringe oss, møte opp personleg eller nytte meldingsskjema. 

Her kan du laste ned meldingsskjema til barnevernet

Du kan velge å vere anonym. Barneverntjenesten ønsker likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka meir truverdigheit.

Kva skjer vidare?

Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking, eller henlegge meldinga dersom den er openbart grunnlaus. 

Barneverntenesta skal gi tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbart grunnlaus, eller der særlege omsyn taler mot å gi tilbakemelding. 

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova. 

Lover og forskrifter

Lov om barneverntenester
Samleside for rettskilder innan barne- og familievern

Kontakt

Barnevernet i Sula kommune
Telefon 70 19 91 73
Mobil 70 19 91 73


 

Siw Tønnesen
Fagleiar, barnevern
E-post
Telefon 70 19 91 55
Mobil 959 67 666
Interkommunal barnevernvakt
Telefon 412 84 400
Mobil 412 84 400


Bemanna i tidsrommet kl. 15:30 – 08:00 i kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?