Sula kommune

Pris for barnehageplass

Kort fortalt

  • Ein barnehageplass kostar 2 910 kroner per månad.
  • Du betalar frå den månaden barnet ditt startar i barnehagen.
  • Kostnad for mat kjem i tillegg.
  • Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre.
  • Familier med lav inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling.
  • Eit vedtak om redusert barnehagebetaling gjeld for eit år av gangen. Ein må søke på nytt for kvart barnehageår.

Litt lengre fortalt

Prisar - barnehage

Prisar

Du betalar for elleve månader i året. Det er betalingsfri i juli. Barnehageplass betalast forskotsvis den 15. i kvar månad.

Åpen barnehage har eigne prisar.

Pass på å betale faktura for barnehagen, hvis ikkje kan du risikere å miste barnehageplassen.

Barnehagesatsar
Type plass Pris pr. månad Barn 2 Barn 3
11 fakturaer pr. år 30 % moderasjon 50 % moderasjon
Heil plass 2 910,00 2 037,00 1 455,00
4 dagar 2 489,00 1 742,00 1 244,00
3 dagar 1 887,00 1 321,00 943,00
Sal av dagar 200,00 *
* pr. dag for barn som har redusert plass i barnehage
Kostpengar i barnehage
Foreldrebetaling for kost Pris
Heil plass 300,00
4 dagar 250,00
3 dagar 200,00
Kostpengar kjem i tillegg til gebyr for sjølve barnehageplassen og skal dekke utgiftene til maten barnet får i barnehagen. Kostpengane blir fakturert saman med gebyret for barnehageplassen kvar månad.

 

Redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt
Søskenmoderasjon

Familiar med meir enn eitt barn i barnehagen betaler mindre. Det blir trekt 30 prosent frå månadsprisen for barn nummer to, og 50 prosent frå månadsprisen frå ytterlegare barn.

Det er ikkje nødvendig å søke om ordninga, men pass på at det er den same føresette som står oppført som "Føresett 1" på alle barn i opptakssystemet. Redusert pris for søsken gjeld ikkje mellom barnehage og SFO.

Skattefrådrag for utgifter til barnehage

Som forelder har du krav på frådrag for dokumenterte utgifter til barn i barnehage, ordninga gjeld om du bur saman med barnet.

Barnehagane er pliktige til å rapportere inn betaling for barnehageopphaldet til Skatteetaten.
Innrapportert beløp frå barnehagen viser i sjølvmeldinga som forhåndsutfylt beløp i post 3.2.10.

Sjå skatteetaten.no for meir informasjon.

 

Kontakt

Jeanette Reiten
Seniorrådgjevar barnehage
E-post
Telefon 70 19 95 84
Mobil 70 19 95 84
Fann du det du leita etter?