Sula kommune

Foreldremedverknad

Foreldreråd og samarbeidsutval

Barnehagelova sitt formål og innhald angir rammene for barnehagen sin kvalitet.  Alle barnehagar skal etablere foreldreråd og samarbeidsutval (SU). Barnehagen angir rammene for organisering, og kva oppgåver utvalet skal vere involvert i, for å ivareta kravet om medverknad og samarbeid med barna sine heimar.

Foreldreråd

Eit organ som gir alle foreldre medverknad på barnehagen si verksemd. Foreldrerådet består av foreldre til alle barna i barnehagen, dei vel sine representantar til Samarbeidsutvalet (SU)

Samarbeidsutval

Eit formelt og lovbestemt organ samansett av representantar frå foreldre, tilsette og eigarane av barnehagen. Styrar si rolle er å vere sekretær og sakshandsamar for utvalet. Utvalet arbeider med saker som er viktige for barnehagen sitt innhald og forhold til føresette.

Samarbeid heim og barnehage

Samarbeidsutvalet skal sikre samarbeidet mellom heim og barnehage, og vere aktiv i kontaktskapande arbeid mellom brukar, personale og nærmiljøet. Det skal også spegle kva foreldregruppa er opptatt av. Eksempel på tema som utvalet kan behandle:

  • Fastsetting av årsplan
  • Tema på foreldremøter
  • Driftsendringar
  • Arealutnytting

Sakslister og referat frå møta blir distribuert internt til alle foreldre.

Lover og reglar

Barnehagelova Kap. II, § 4

Kontakt

Jeanette Reiten
Seniorrådgjevar barnehage
E-post
Telefon 70 19 95 84
Mobil 70 19 95 84
Fann du det du leita etter?