Sula kommune

Mat og måltid

Gode vaner med omsyn til kosthald og måltid blir skapt når barna er små. Mat og måltid er ein viktig del av barnehagekvardagen, og vi i Sunde barnehage legg vekt på at måltida skal vere trivelege, sunne og smaksrike. 

Det blir servert 3 måltid i barnehagen pr. dag.

  • Frukost fram til  8:30
  • Lunsj rundt 11:00-11:30 
  • Eit måltid som inkluderer frukt eller grønsaker rundt 14:00. 

Barnehagen kjøper inn matvarer, frukt, mjølk og yoghurt og alt anna som trengs til matlaging. Vi tar omsyn til eventuelle allergiar. Vi tilbyr barna sunne kvardagsmåltid. Vi har varmmat ca ein gong i veka.

Pris

Foreldrebetaling for kost Pris
Heil plass 300,00
4 dagar 250,00
3 dagar 200,00
Kostpengar kjem i tillegg til gebyr for sjølve barnehageplassen og skal dekke utgiftene til maten barnet får i barnehagen. Kostpengane blir fakturert saman med gebyret for barnehageplassen kvar månad.
Fann du det du leita etter?