Sula kommune

Bursdag i barnehagen

Å ha bursdag er gøy! Det skal det vere i barnehagen også. Dette er ein dag som er prega av forventning og glede. Hipp hipp hurra!!!!

Bursdagsfeiringa består i:

  • Bursdagssamling
  • Lage og få på krone
  • Bestemme noko mat å kose seg med

Av og til er det mange som har bursdag på datoar nært kvarandre. Då slår vi saman feiringane. Sjå på vekeplanen når barnet sin dag vert feira.

Bursdagsinvitasjonar

Vi vil helst at bursdagsinvitasjonar vert levert ut utanom barnehagen. Om de må levere ut invitasjonar i barnehagen det leverast ut til ei definert gruppe som kan forklarast for barna (f.eks. førskulegruppa eller alle 3 åringane). 

Det er gøy å bli invitert, og sårt å ikkje bli det. Så då må vi i barnehagen ha muligheit til å gi ei forklaring. Ver også oppmerksam på at bursdagsselskap kan bli brukt som maktmiddel: .....då får ikkje du komme i selskapet mitt... Dette blir sagt for å oppnå noko. Det vi i personalet seier då, er at det alltid er mamma og pappa som bestemmer kven som inviterast i selskapet, ikkje barnet. 

Fann du det du leita etter?