Sula kommune

Visjon og verdiar

Visjonen og verdigrunnlaget vårt seier noko om kva vi i Sunde barnehage synest er viktigast. Det seier noko om kva vi legg til grunn når vi tek avgjerdsler kvar dag, til det beste for barna. 

Visjon

Sunde barnehage - med omsorg for framtida!

Framtida er i Sunde barnehage. Her går dei barna som skal vere med på å forme framtida vår - og vi veit at omsorg er grunnlaget for læring, utvikling og det å sjølv i framtida kunne gje god omsorg både til sine nære, fellesskapet vårt og jordkloden vår. Visjonen vår seier noko om framtidsperspektivet, og tar opp i seg Sula kommune si satsing på Læringsreisa. 

Verdiar

"Alle i Sunde barnehage skal kvar dag ha ei kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og fagligheit"

Det er opplevinga til barna og andre som til ei kvar tid er tilknytt barnehagen som står i sentrum. Vi anerkjenner kvar enkelt sitt individuelle behov for å bli sett, hørt og teke på alvor. I alt vårt arbeid, og heile vår verksemd skal avgjersler verte teke med omsorg, og vere fagleg funderte. For å bygge dei gode relasjonane er fellesskapstanken sentral, det er viktig også å kunne tilpasse seg gruppa, ta omsyn til andre og sjå seg sjølv i ein samanheng.

Fann du det du leita etter?