Sula kommune

Her ligg Sunde barnehage

Sunde barnehage ligg lunt og sørvendt til ved foten av Lervågsfjellet ved Solevågen i Sula kommune.

Når du svinger sørover på E 39, ned mot Solevåg ferjekai, og blir slått av ei av Sunnmøres beste utsikt (og det seier ikkje lite), så ligg barnehagen i byggefeltet til venstre på vei opp mot Sundsmyra. Vi ligg i turavstand til fjøra, ferja, gårder, eng, skog, idrettsanlegg og fjell. Med utsikt til Hjørundfjorden og til kvasse fjell er barna i Sunde barnehage mykje på tur i nærområdet.

Følg oss på Facebook

Følg oss på Instagram

Adresse

Rystene 30
6037 Eidsnes

Fann du det du leita etter?