Sula kommune

Generelt om barnehagen

Sunde barnehage er ein kommunal barnehage med to avdelingar. Barnehagen vart bygd i 1983, og fekk nytt uteområde i 2017. Barnehagen har friluftsprofil, og leiger område ved Sundsmyra idrettsanlegg. 

Sunde barnehage er barnehagen der alle kjenner alle, og kvar enkelt er betydningsfull for fellesskapet!

Vi har to avdelingar:

  • Solhøla 3-6 år med 24 barn
  • Loppeheimen 0-3 år med 12 barn

Sunde barnehage ligg unikt til med nærleik til fjell, skog og fjøre. Vi brukar nærområdet mykje til turar, og lærer oss å bli glad i å ferdast i naturen og lærer oss å ta vare på den. 

Vi bryr oss om nærområdet vår, men vi bryr oss også om andre barn. Vi har difor oppretta samarbeid med ein barneheim i Myanmar, og har innsamlingsaksjon og solidaritetsprosjekt kvart år. 

Vi bryr oss om kvarandre også. Alle som kjem til Sunde barnehage skal oppleve at dei er viktige og blir sett og forstått. Tilknytning, omsorg og tilhørigheit er viktig for alle, og ekstra viktig for små barn. Dette har vi stort fokus på, og er det viktigaste i barnehagen vår. 

Følg oss på Facebook 

Følg oss på Instagram

Kontakt

Britt Kleppe
Styrar
E-post
Telefon 70 19 78 70
Mobil 976 61 734

Avdeling Loppheimen

Telefon: 468 31 410

Avdeling Solhøla

Telefon: 918 06 836
Når vi er på tur: 917 28 447

 

Adresse

Rystene 30
6037 Eidsnes

Fann du det du leita etter?