Sula kommune

Loppeheimen

Loppeheimen har barn frå 0-3 år, avdelinga ligg mot sør, gå inn høgre inngangsdør. Det er mykje mulig at du hører sanger om du legg øret mot døra: 5 små apekatter? Lille Petter edderkopp? Den uheldige mannen? Kaptein Sabeltann? 

At barna er trygge på personalet i barnehagen er avgjerande for trivsel og utvikling. Dette vil vi få til ved å vere blomar - Klikk for stort bilete tilstade for barna, vi skal vere tilgjengelege på gulvet og vere sensitive for signala som barna sender ut. Det er også viktig å skape tryggleik igjennom gode rutiner som gir forutsigbarhet. Vidare skal vi også legge til rette for å utvikle gode relasjoner og vennskap barna imellom.

I arbeidet med dei små barna går store delar av dagen med til daglege gjeremål som måltid, bleieskift, soving, av- og påkledning mm. Dette er uformelle læresituasjonar for barna. I dette arbeidet brukar vi fagkompetansen vår på å flette inn dei ulike fagområda der vi finner det naturleg.

Loppeheimen - Klikk for stort bilete Det er også viktig å gi plass til leiken, små barn må få utfalde seg fysisk, men også undre seg og utforske. Igjennom leiken lærer barna sosial kompetanse, vente på tur, skape venskap, dele med andre og hjelpe kvarandre. I leiken skal vi vaksne vere tilstade for å gi bekrefting og veiledning. Mange barn treng også eit fang å sitje på for å få den tryggleiken dei treng for å fortsette leiken.

Vi skal også ha aktiviteter som er planlagde; det er formelle læresituasjonar. Dette kan vere f.eks formingsaktiviteter, sangstunder, språkgrupper, samlinger, turer m.m. 

Telefonnummer Loppeheimen: 46 83 14 10

Fann du det du leita etter?