Sula kommune

Førskulegruppa

Å vere størst i Sunde barnehage er stas. Kvar tysdag er det førskuledag - det gledes!

trampoline - Klikk for stort bilete For å vere størst i barnehagen skal vere ei glede. Her skal vi legge tilrette for meistring, trygging og litt utfordring. Annakvar tysdag har førskulegruppa heile Solhøla for seg sjølv. Då arbeider dei med førskuleboka si, Trampoline, blir kjent med Ipad, speler spel, leiker m.m. Dette gjer dei etter ein metode som heiter stasjonslæring. Mange skular bruker dette som arbeidsmetode. Barna blir delt opp i mindre grupper, og går strukturert frå den eine stasjonen til den neste med kjekke aktivitetar. Vi i Sunde barnehage meiner det gir tryggleik i overgangen å lære litt om arbeidsmetodane til skulen. meg sjølv - Klikk for stort bilete Kanskje dei kjenner igjen metoden, og tenker at: "dette kan eg, eg har gjort det før". Då kan barna bruke energien sin på innhaldet i opplæringa og ikkje på å bli kjent med læringsmetodane. Innhaldet vårt og lengden på desse øktene er sjølvsagt laga ut frå at barna er 4-5 år, og skal vere innafor den kjente leikeprega barnehagepedagogikken - der meistring står i sentrum.

Annakvar tysdag går førskulegruppa på tur - ein viktig del av innhaldet i Sunde barnehage! Barna har stort behov for å vere i fysisk aktivitet, og på tur får dei verkeleg boltre seg. Då vert dei også samansveisa som gruppe og den viktige rolleleiken får klatre høgt - Klikk for stort bilete blomstre i lag med venar på lik alder. Av og til legg vi turane til skulen.

Førskulegruppa er med på andre spanande ting også, blant andre:

  • Julevandring i kyrkja
  • Ulike skulebesøk og fadderaktivitetar
  • Påskevandring i kyrkja
  • Førskuletur til Atlanterhavsparken
  • Blir feira på familefesten i juni
Fann du det du leita etter?