Sula kommune

Samarbeid og overgangar

Samarbeid og overgangar - Sunde barnehage

Sunde barnehage samarbeider med mange! Dei viktigaste er sjølvsagt foreldra til barna som går i barnehagen, men vi treng også å samarbeide med ulike instansar for å sikre utvikling og godt tilbod til barna som går her. 
Foreldresamarbeid

Føresette kjenner barna sine best! For at barna skal få gode dagar i barnehagen er samarbeidet mellom heim og barnehage uvurderleg. Vi i barnehagen er heilt avhengig av at foreldre gir tilbakemeldingar til barnehagen - så det må vere lav terskel for å ta kontakt. Barnehagen tek også kontakt fort om vi lurer på noko. Noko treng foreldre å ha med i barnehage, les her kva det er. 

Møtepunkta mellom barnehage og foreldre er:

Overgangar og samarbeid i barnehagen

Sunde barnehage er ein liten barnehage der alle kjenner alle. Så vi får mykje gratis ved overgang frå Loppeheimen til Solhøla. Likevel er det viktig at barna frå Loppeheimen kjem på besøk til Solhøla for gjere seg kjent der. Personalet overleverer også informasjon i eige møte. Det er også viktig at praksis og planar er heilskapleg for heile barnehagen, då vert tilbodet til barna tryggare og meir forutsigbart. 

Overgangen frå heim til barnehage kan de lese meir om her

Ovargangar og samarbeid med skulen

Førskuleopplegget i barnehagen har blant anna som målsetting å trygge overgang til skulen. Sunde barnehage følger Sula kommune sine planar for overgangar mellom barnehage og skule. I tillegg besøker vi skulane barna skal begynne på. Nærskulen til Sunde barnehage er Solevåg skule.

Sentralt i samarbeid mellom barnehagane i Sula kommune står tanken om Læringsreisa! #læringsreisa

Andre samarbeidspartar

Barnehagen samarbeidar både med interne instansar i Sula kommune og andre utanfor kommunen.

Sula kommune: 

Andre:

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?