Sula kommune

Planar, dokumentasjon og vurdering

Tilbodet barn og foreldre får i Sunde barnehage er ikkje tilfeldig. Tilbodet vert planlagt, gjennomført, dokumentert og vurdert ut i frå lover, føreskrifter, fagleg skjønn og erfaring. Sunde barnehage skal vere ein lærande organisasjon.

planar, dokumentasjon og vurdering - Sunde barnehage

Årsplan

Årsplanen er på mange måter hoveddokumentet for barnehagen. Her legg vi ein plan for kva året skal innehalde. Han fungerer som informasjon til føresette og andre som har behov for innsyn i han, og sjølvsagt som arbeidsreiskap til personalet. 

Vekeplanar

Det vert laga vekeplanar for to veker i gangen. Her får ein meir detaljert informasjon enn i årsplanen. Vekeplanane vert laga i fellesskap på avdelingane, og sendt ut pr mail til alle føresette. 

Andre planar

Sunde barnehage har sjølvsagt også eigne planar for blant anna HMT, brannvern, pedagogiske opplegg, arrangement, faste aktivtetar, spesialpedagogikk, samarbeid med andre instansar m.m.

Dokumentasjon

Sunde barnehage dokumenterer arbeidet på ulike måter. Vi dokumenterer arbeidet vårt for å at myndigheter skal kunne sjå at vi følger loven, for å lære av eigen praksis og ta det vidare i vurderingarbeidet vår, for å vise føresette kva barna opplever i løpet av ein dag i barnehagen, og for at barna skal kunne ta med seg positive minner frå Sunde barnehage. Vi dokumenterer og så HMT. 

Måter vi dokumenterer på:

  • Permane til barna
  • Dokumentasjonsveggen (fagområda)
  • Månadsbrev om kva vi har gjort
  • Facebook
  • Instagram
  • Oppfølging av rutiner ved ulike lister
  • Avviksmeldingar
  • Referat frå ulike møter og samtaler
  • Dokumentasjon av vurderingar
Vurdering

Som lærande organisasjon er det viktig å reflektere over og vurdere om praksisen ein har er til ei kvar tid god nok. I 2018 har Sunde barnehage gjennomført ei verksemdsanalyse som skal vere styrande for utviklingsarbeidet vårt i tre år. Her har vi vurdert styrker, svakheter, muligheter og trusler.

Gjennomgåande i løpet av året vurderer vi på følgande arenaer:

  • Avdelingsmøter
    • Kva fungerte bra/ikkje så bra forrige periode?
  • Personalmøter
    • Vurdering av overordna prinsipp
  • Foreldreundersøkingar
  • Etter foreldre samtalar
  • Etter store arrangement

     

      Fann du det du leita etter?