Sula kommune

Grøne tankar - glade barn

Ingen følelsar er feil! Vi har ulike følelsar til ulik tid alle sammen. Vi blir glade, sinte, flaue, redde og har mange fleire følelsar også. Nokre ganger er dei sterke, andre merker vi dei knapt. Grøne tanker - glade barn er eit metodisk program som hjelper barn (og vaksne) å få gode haldningar til seg sjølv og andre og fremme evne til eigenomsorg og prososial atferd. Vi blir betre kjent med følelsane og kva dei betyr - men treng dei styre alle handlingane  våre? 

Raude og grøne tankar - Klikk for stort bilete Sunde barnehage har stort fokus på dette arbeidet. Vi ser på det som viktig at barna vert kjent med seg sjølv gjennom besvisste haldningar til eigne følelsar. Arbeidet er ein del av prosjektet Førebygge meir - for å reparere mindre og er eit ledd i Læringsreisa til barna i Sula kommune. Her samarbeider barnehagane, helsestasjonen, skulane, TBU om mange fleire for å førebygge, slik at flest mogleg held på ei god helse - også ei god psykisk helse. 

Men det viktigaste i Sunde barnehage - her og no - er å få vener, kjenne at akkurat eg er verdt å like og å leike med og at andre er stort sett til å stole på. 

Grøne tankar - glade er for barna på Solhøla, men Loppeheimenbarna blir også kjent med begrepa. Slik tenker vi oss progresjonen: 

Progresjon grøne tanker - Klikk for stort bilete

Vi vil halde eige foreldremøte på hausten med dette som tema. 

Barna vil ha fokus på følgande område dei ulike vekene: 

Plan grøne tankar - Klikk for stort bilete

Fann du det du leita etter?