Sula kommune

Årets tema

Sunde barnehage deler i barnehageåret 2018-2019 opp i tre hovedtema.

Årets tema - Sunde barnehage

Meg sjølv i eit fellesskap

Vi startar året med å gå nær oss sjølv, og bli kjent med oss sjølv. Korleis ser eg ut? Kva er likt mellom meg og deg? Kva Ei hand å holde i - Klikk for stort bilete eg å leike med? Kvar bur eg? Kven er i min familie? I denne perioden er det viktig for oss i barnehagen også å bli kjent med barn og foreldre. Fokuset ligg også på å vere ein god leikekamerat. 

Å bli kjent med seg sjølv og forstå at vi alle er ein del av eit fellesskap er viktig lærdom. Her vert den viktige sjølvkjensla til barna bygd. Det å orientere seg i gruppa, lære å ta hensyn til andre, og likevel hevde seg sjølv, slik ein kan ta for seg av dei gode opplevingane livet gir, er viktig. 

Dei ulike barna møter tema på ulik måte. For 1-2 åringen er det viktig å lære namn, omgrep på kroppsdelar, oppdage dei andre på avdelinga, lære å dele på leiker, tøyse, synge og leike i lag. 

For dei litt eldre kan samtale om dette vere fint. Vi bruker Grøne tankar - glade barn for å snakke om kjensler. Barna får veiledning i leik. 

Solidaritet

Barna i Myanmar 1 - Klikk for stort bilete Vi i Sunde barnehage synes det er viktig å kunne sjå litt lenger. Vi ser mot Myanmar, og har samarbeid med Myanmar Education and Social Welfare Foudation. Vi har familiefest der vi samlar inn penger, og Solhøla har omvendt adventskalender. 

Å kunne vere til hjelp både lokalt og internasjonalt er fint. For å forstå kvifor, er den empatiske utviklinga avgjerande. Det å kunne sette seg inn i andre sin situasjon, forsøke å forstå, og kjenne behov for å gjere ting betre, øver vi på heile livet. Barna sin metode er gjennom leik og fantasi. 

Barna blir møtt ulikt her i dei ulike aldersgruppene. Mens Solhøla kan fokusere mykje på hjelpearbeidet, drive rolleleik, og få utbytte av meir kompliserte dramaleiker og samtaler, vil Loppeheimenbarna ha fokus på den begynnande rolleleiken. Alt frå titt-titt-leiker, til lage matleiker, leike ulike dyr i sangar m.m. Alt dette, og meir til, er veien til empati og solidaritet med ande. 

Berekraftig utvikling

vårt nærmiljø! - Klikk for stort bilete Å leve berekraftig vert viktigare og viktigare. At barna i barnehagealder får dette inn som ein naturleg måte å leve på, trur vi i Sunde barnehage er positivt for miljø og naturen vår. Dette gjev gode gevinstar i dag og i framtida. 

Vi i Sunde barnehage er så heldig å ha ein fantastisk fin natur rett utanfor barnehageporten. Vi puster i frisk luft. For at vi skal ville ta vare på denne flotte naturen vår, er det viktig å bli glad i  han. Derfor ferdast vi, og har mange positive turar i fjøre, fjell og skog. Vi plukkar søppel, og lærer oss at søppelet ikkje forsvinn om vi ikkje fjernar det. Kunnskap er viktig. 

I barnehagen sorterar vi avfall, vi dyrker, vi bruker miljødagane våre til ha det fint rundt oss.

Fann du det du leita etter?