Sula kommune

Ny i barnehagen

Barn er ulike og det varierer korleis dei tilpassar seg nye omgivnader. August er tida for oppstart og tilknyttingsprosessar. For barna handlar det i den første perioden om å skape god tilknytning og gode relasjonar til personalet i barnehagen.

Kvart barn er ulikt, slik kvar familie kjem i barnehagen med ulike forventningar, erfaringar og kjensler om det å starte i barnehagen. Vi forsøker å lage ei forutsigbar og strukturert tid, der barn og familie skal oppleve tilknytningstida som trygg og omsorgsfull.

Tillit er eit nøkkelomgrep. Det er viktig at dei føresette kommuniserer både med ord og kroppsspråk at dei har tillit til at barnet blir levert i trygge omgivnader. Slik er føresette med på å skape ei god tilknytning mellom barnet og personalet i barnehagen. Behovet for tilknytning og utforsking heng saman. Barnet treng god tilknytning, ei trygg hamn, for å kunne utforske verda. I utforskinga skjer læring og utvikling.

Fann du det du leita etter?