Sula kommune

Mat og måltid

Alle måltida blir laga i barnehagen. Det blir lagt vekt på eit sunt og variert kosthald. Vi lagar også mat ute på bålpanne og stormkjøkken.

Det blir servert 3 måltid i barnehagen pr. dag.

  • Frukost fram til  09:00
  • Lunsj frå  11:15
  • Ettermiddag/fruktmåltid rundt 14:00. 

Barnehagen kjøper inn matvarer, frukt, mjølk og yoghurt og alt anna som trengs til matlaging. Vi tar omsyn til eventuelle allergiar. Vi tilbyr barna sunne kvardagsmåltid. Vi har varmmat ca ein gong i veka.

Foreldrebetaling for kost Pris
Heil plass 300,00
4 dagar 250,00
3 dagar 200,00
Kostpengar kjem i tillegg til gebyr for sjølve barnehageplassen og skal dekke utgiftene til maten barnet får i barnehagen. Kostpengane blir fakturert saman med gebyret for barnehageplassen kvar månad.
Fann du det du leita etter?