Sula kommune

Bursdag i barnehagen

Barnet sin bursdag vert markert i barnehagen. Vi flaggar for jubilanten. Det vert laga bursdagskrone og gåve. Bursdagsbarnet er hovudperson i samlingsstunda og under måltidet. Borda blir dekka som til eit bursdagsselskap og vi serverer frukt og bær med yoghurt. Det viktigaste denne dagen er at fødselsdagsbarnet får ekstra merksemd og blir gjort stas på.

Vi ønsker at de ordnar med utdeling av invitasjonar til bursdagsselskap utanom barnehagen.

Fann du det du leita etter?