Sula kommune

Generelt om barnehagen

Molvær barnehage er ein kommunal barnehage med 4 avdelingar. Vi har to avdelinger for barn mellom 1-3 år, og to avdelingar for barn 3-6 år.

Køyla

24 barn i alderen 3 – 6 år

Mølen

18 barn i alderen 3-6 år

Geilneset

12 barn i alderen 1-3 år

Jakobfjøra

12 barn i alderen 1-3 år

Avdelingane har fått namn etter stader i nærleiken av barnehagen.

Barnehagen ligg i Geilneset, det vart difor naturleg at den eine avdelinga fekk dette namnet. Namnet Geilneset kjem av ordet Geil, som tyder ”ein veg med gjerde på begge sider”, noko som det sikkert har vore på vegen ned til Geilneset ein gong i tida.

Den andre avdelinga vår heiter Jakobfjøra. Den er kalla opp att etter den fjøra som ligg nærast barnehagen. Jakob Molvær hadde naust nede i denne fjøra, derav kjem namnet Jakobfjøra.

Den tredje avdelinga heiter Mølen, namnet tyder ”banke av rullestein”. Geilneset og Jakobfjøra er full av rullesteinar. Vidare ligg namnet Mølen til grunn for namnet Molvær.

Den fjerde og siste avdelinga har fått namnet Køyla. Køyla tyder ”grunt sund – der det er farande for båt berre ved flo sjø”. Staden mellom fjøra og moloen ved gamle Rådhuset på Devold, blir kalla Køyla.

Kontakt

Anne Kari Vadset
Styrar
E-post
Telefon 70 19 79 23
Mobil 414 68 780

Avdeling Geilneset

Telefon: 48 08 94 81

Avdeling Jakobfjøra

Telefon: 48 10 13 37

Avdeling Mølen

Telefon 48 08 96 69

Avdeling Køyla

Telefon: 48 09 33 43

Adresse

Geilneset 31 
6030 Langevåg

 

Opningstider

Normal opningstid er 07:15 - 16:30.

Fann du det du leita etter?